god tur
over fjellet!
her er eg!
I dag har eg vore tur retur Voss. Sette av han lillebror der. Han skal ta buss til Rena. Frå Rena skal han gå på ski til Lillehammer.
EG OG VIL!!!!
i dag er det ein trist trist dag. Eg har nett seld mitt kjære startnummer til birken. buhu. Har klart å få influensa, noko som ca 1/3 av Noregs befolkning har i desse dagar, så eg skal ikkje klage for høgt om nett den biten...men om eg hadde fått velge, hadde det vore nok med ei aldri så lita forkjøling. Sjuk i eit par dagar - frisk og rask att og klar for trening og skigåing kun kort tid etter.
No er det ei lita veke att til birken, og eg må innsjå at hostekuler og slapphet ikkje går overeins med 8 timar skigåing.