25.12.09

hei vg.no og db.no - kva med denne:

"Paven i horisontalen!"

Eg er veldig skuffa over vg og db sine val av overskrifter på sjølvaste julafta; "Paven overfalt under midnattsmesse" (vg), "
Paven angrepet av kvinne under midnattsmessen" (db).

Min kjære bror klarte på kun få sekund å pønske ut overskritfta eg allereie har prensentert, og han har verken overtids- eller heilagdagstillegg. Skjerp dykk journalistar!

(og elles vil eg legge til at eg kom vel i land i Irland, etter mi livs oppleving på sjøen). Takk for turen Sten kapten!

ja også må de alle ha ei god jul og greier!

1.6.09

So long Horta

Jippi, no reiser vi (mest sannsynleg) .

I morgon er det klart for avreise frå Horta. Ein eller annan gong etter kl 10 (12 der heime) heisar vi segla og drar vår veg. Eg er i alle fall veldig optimistisk her eg sit. Kan jo vere at eg kl 10:30 i morgon kjem med ein kontrabeskjed - men den tid den sorg.....

Eg har kost meg veldig dei dagane eg har venta på veiret. Mykje fest og moro og ganske mykje veir. I går måtte vi ut og lufte oss litt etter ein lang dag ombord i båten. Veiret var ikkje det beste, men ein fin og frikst tur vart det!

27.5.09

Veirfast i Horta

Vi heng framleis rundt i Horta og ventar på å få melding om at føreforholda er slik at det lar seg gjere å krysse havbiten mellom Azorene og Irland.

Båten er ikkje verdas største, så etter å ha brukt nokre dagar på å utforska den, har eg no tatt meg nokre turar på land. Eit rart fenomen som då oppstår er at kroppen gjev beskjed om at den framleis vil vere på sjøen, og markerer dette så godt den kan ved å gje meg ei kjensle av at det gyngar på land. Konsekvensen er at eg nærmast ser full ut, då eg stadig må ut og ta eit og anna støttesteg for å halde meg på fortauet.

For å slå i hel tida medan vi ventar på frontar, å kunne vere i front av fronten evt i halen av fronten eller midt i fronten ( er og mogleg at vi ventar på vere lengst mogleg vekke frå fronten), tok vi oss ein biltur i går.

Azorene er øyer som har dukka opp etter gjentatte vulkanutbrot, på Horta er her 2 krater av turistfelledimensjon, eit stort ca midt på øya (veit ikkje meir om det, for all infoen er på portugisisk - eit språk eg ikkje kan) og eit på nordspissen. Grunna tett tåke og lavt skydekke var det ikkje mykje å sjå då vi etter ei aldri så lita feilkøying endeleg kom til krateretet midt på øya.


Vi fann vegen rask attende og fortsatte vår ferd langs øya, og kom tilslutt til nordspissen og det nye landet. I 1957 og 58 valde ein vulkan å ha eit lite utbrot rett ved kysten. Desse utbrota resulterte i ein del meter nytt land, og ei fantastisk naturoppleving for meg.

23.5.09

sommarferie

Kanskje på tide med eit lite innlegg her. Byrjar bli veldig gamalt nytt at Mcain aldri fekk brukt dei "ny"erverva datakunnskapane sine som president for amerika sine sameinte nasjonar. Det er gamalt nytt at Obama vart president, at finanskrisa herjar, at svineinfluensaen er over oss og at russen også i år synest det er veldig slitsomt og litt unødvendig at eksamenane ligg så tett til deira feiring. Og så er det faktisk ei gamal nyhende at eg no er supertante til to fantastiske små jenter, men meir om det må kome ein annan gong.

Det som er nytt, er at eg no befinn meg i Horta på Azorene . Eg avviklar i år ein tidleg sommarferie for å vere mannskap ombord på båten til søskenbarnet mitt. Den godaste Sten Ingve har snart sigla eit heilt år i strekk, og har no vendt nasa (reint faktisk er det vel roret som er vendt og kursen sett) heimover. Eg har, heldig som eg er, fått lov å slå følge over nordatlantaren med kurs mot Irland.

Etter nokre dagar her har eg etterkvart blitt vant til båtlivet, som hittil har bestått i å bu ombord i ein båt som ligg ved kai. Det tar litt tid å kome inn i dette gamet. Eg har framleis hjarta i halsen når eg skal gå frå båt til båt for å kome i land. Er like sikker kvar gong på at denne gongen dett eg ned i avgrunnen mellom båtane og vert liggande å kave i vatnet. Har og funne ut at ein del lydar er det berre å leve med, det finnst ingen "mute" knapp for vatnet som klaskar i båtsida midt på natta. Heldigvis er eg utrusta med eit godt sovehjarta, for eg har på kjennsla at dei lydane som no vekker meg er fint lite samanlikna med det eg har i vente. Sjøv om eg har byrja bli vant til livet ombord er det mykje å ta tak i på kunnskapssida for ein uerfaren siglar. Styrbord, babord, slag, knop, fall, skjøte, barberhal, genaker og mange mange fleire uttrykk har eg enno til gode å fylle med meiningsbærande innhald. Går ut frå at min vilje til å lære og ein kaptein som villeg delar sin kunnskap fører til at eg går i land i Irland litt meir kunnskapsrik på siglefronten enn eg er nett no.

Etter planen skulle vi ha byrja overfarten i morgon. Føremeldingane har vist seg å ikkje vere så gode, så no vert vi liggande her vi er til fredag. Eg har god tid og kan gjerne henge litt rundt på Azorene. Eg får no god tid til å finne beste blandingsforholdet mellom vatn, ingefær og sitron. Er redd for at turen kan medføre sjøsjuke, så her er det nok lurt å vere føre var;)

For utvida info om Tempest si ferd rundt om i verda og bloggoppdateringar når vi har lagt ut på vil eg anbefale ein kik på heimesida til båten: www.seiltur.no/tempest

21.7.08

McCain: - Jeg har ikke behov for e-post

"Republikanernes presidentkandidat foretrekker telefonen, men er i ferd med å lære internett så han kan lese datterens blogg.


Andre logger på for meg. Jeg er i ferd med å lære det, og snart klarer jeg å gjøre det selv. Jeg forventer ikke av meg selv at jeg skal bli kjempeflink, eller at jeg skal lage min egen blogg, men jeg er i ferd med å bli så datakompetent at jeg kan får den informasjonen jeg trenger. Det inkluderer å besøke min datters blogg, før noe annet, sier McCain." vgnett

Lukke til på ferda seier no berre eg.

18.6.08

Heldigvis ikkje streik?

– Vi er fornøyde med at streik er avverget og at medlemmene er sikret et meget godt lønnsoppgjør som gir opp mot 60.000 kroner i gjennomsnitt, sier forbundsleder Leif Sande i Industri Energi i en melding. bt

kommentar til lønnsoppgjeret blant riggtilsette:

Nytt innlegg Skulle bare mangle
18. jun, 07:10 | Ojle - Lars (uregistrert bruker)
Personlig synes jeg faktisk dette er et dårlig lønnsoppjør. Oljearbeidere skulle hatt mer når en ser på verdiskapningen de gir. Dette er høyt utdannete mennesker som ofrer liv og lemmer for oss andre. Når lærere griner seg til et høyt oppgjør bør oljearbeidere få mer. Burde også hatt mer fri for å ta til kreftene igjen etter det knallharde arbeidet i nordsjøen! Jeg vil nå komme opp i 720 000 kr i året. Burde vært nærmere millionen når en tenker på alt jeg ofrer for Norge!
________________________________________

Med bakgrunn i eige lønnsoppgjer, altså det for dei offentleg tilsette, meinar eg faktisk å kunne seie at du Olje-Lars treng ein liten realitetssjekk.

Klarar ikkje seie meir om denne saka utan å verte veldig useriøs og å ty til særs barnslege og dårlege argument. Eg sluttar heller av med å hevde at lønnsoppgjeret for desse rigg-folka kanskje var i overkant godt samanlikna med det dei offentleg tilsette sit att med.

(Til orientering er eg ganske sint her eg sit)

13.3.08

Blogg er ut,

det kan i alle fall verke slik på bloggehyppigheten min her dei siste månadane. Sjå til dømes kor stor den lille superjenta til supertanta har blitt på alle desse dagane som har vandra forbi utan at eg har tatt meg bryet verdt å publisere i nemneverdig grad her på sida.


før eg gløymer det heilt



Eg har fått meg jobb, ein slik fast ein med ganske så grei pensjonsordning., så her kan det vere at eg blir.

Det ante meg tidleg at eg kom til å henge og slenge på høyden i mange mange år framover då eg byrja studietida mi i Bergen.

Jobben eg har fått har faktisk ført med seg ein liten London tur allereie, og etter påske skal vi til Os!



og om du tykkjer eg har plukka ut nokre rare bileter for å skildre ein elles så spesiell tur, så er det berre av di denne bloggsida har tekniske problem at det vart som det vart.