29.10.06

mongstad i mitt hjarta


















26.10.06

Blodtrykk som ein konfirmant

Var ord legen min brukte i dag då han skulle informere meg om det trykket. Greitt nok at legar har eit eige språk som den gemene hop ikkje forstår så mykje av, og ofte skriv så stygt at til og med eg slit litt med tydinga. Men, når ein først skal freiste å foklåre noko på folkeleg vis, kva med å nytte termer som lar seg tolke?

Blodtrykk som ein konfirmant. Er det spesielt bra? Er det litt uheldig på ha same trykket i kroppen ved fyllte 27 som då eg var 15? Eg er litt usikker på kva blodtrykk eg hadde i konfirmasjonstida, men eg huskar godt kva tenåra og pubertet innebar av trykk, kjennsler, oppturar og nedturar. Er det slik kroppen min framleis er? Om eg sit att lettare betutta no, så fekk eg i alle fall ei slags forklåring på kvifor eg framleis stadig vekk opplever at kviser sprenger seg fram i eit andlet som sikkert skulle vore utsett for antirynkebehandling for lenge sidan.

Legen kunne vidare informere meg og at lunger og hjarta fungerte som dei skulle. Noko som i og for seg sjølvsagt er veldig bra. Eg får berre krysse fingrane for at dei klarar å halde tritt med det pubertale blodtrykket mitt!

23.10.06

so gale kan da gå

det var visst skikkeleg usportseleg å anbefale folk å stikke innom og stemme på Eva. Linken er tatt vekk for å unngå uheldige sanksjonar.....neida, men like greitt å forholde seg til "reglane"

22.10.06

Stem på Eva!!

Eva sin blogg er nominert til årets blogg.

Sidan du er her på mi side har du tilgang til verdsveven og med det ligg alt til rette for at du kan stikke innom denne sida og gje stemma di til Evas blogg!

heia Eva!

20.10.06

BIFF is in town

No er det filmfestival i Bergen by! Ved slike høver er det godt å framleis vere student og dermed ha mogleghet til å kunne gå på dei filmane ein vil.

Var på opningsfilmen med tilhøyrande opningsfest. Forholdsvis bra film som for ein nerd som meg faktisk synte seg å vere ganske morosam. Opningsfesten etterpå var heller av det noko spesielle slaget.


Korleis BIFF har klart å sende ut invitasjonar til opninga der dei ber folk om å kle seg pent, for å servere wraps så godt innpakka at du treng minst 2 hender og 5 minutt for å kome til maten, og så sende Turbostipend på scena - ja det overgår mi tankekraft. Om ein freistar å gjere noko med klasse er det faktisk litt viktig at det vert gjennomført. Jaja, no skal eg ikkje klage for mykje, bør vel heller vere glad for at eg fekk lov til å kome og uansett så er det filmane og ikkje festen som er det viktige framover no!


Her kjem ei aldri så lita oppramsing av kva filmar eg har sett til no, håper lista vert litt lenger etterkvart som dagane går!


Awesome, I Fuckin' Shot That! Babel The Bridge God Grew Tired of Us The Lost loudQUIETloud: A Film About The Pixies No Body is Perfect Parfymen: Historien om en morder Shortbus Taxidermia The Queen Uganda Rising Welcome to Dongmakgol Hollywoodland


---------------------------------------------------------

sånn blir ein forresten sjåandes ut når ein har vore litt for lenge på filmfestival - er glad eg klarte å begrense meg litt

17.10.06

eg gjekk ein tur på stien

Teknologien er ikkje alltid like lett å hanskast med. I alle fall ikkje når ein har puls på langt over kvilenivå, tøyer ut og samstundes skal teste nye funksjonar på biletefronten på telefonen. Då vert bergen by morning sjåandes litt alternativt ut. Ein fin tur var det lell!

16.10.06

dette har skjedd:



































Farvel lille Presley vennen!

13.10.06

Namn og holdning - er der ein samanhang?

I dag kom eg til å undrast over om det ikkje er gjennomført ei undersøking her i landet som syner ein viss samanhang mellom namn, utdanning og kriminalitet og litt sånn anna småplukk?

Jeanethe, Raymond, Kay og Bjørn Remi er alle veldig triste, og kan ikkje forstå kvifor noko så urettferdig må ramme dei så hardt. Hadde no berre desse utlendingane halde seg vekke.

Var kanskje ikkje heilt tilfeldig at eg kom på den undersøkinga då eg koste meg med frukost og bt.

Gro og Henning kan øydelegge for Per Magne sin draum. Ikkje grunna noko han har gjort sjølv, men noko som vart gjort før hans tid. Skulle Henning gjere som Gro vil, ser det mørkt ut for Jeanethe, Raymond, Kay og Bjørn Remi.

Eg er litt usikker på kor stor kampvilje som bur i folk, men når ein ser kor folk kjempar for å halde Børsen i dei lokalene den har vore i i dei siste 100 åra (mykje dei same gjestane og vil eg tru), skal det ikkje forundre meg om Jeanethe, Raymond, Kay og Bjørn Remi vil kjempe med nebb og klør.

Vi i Bergen får vel krysse fingrane framover, og håpe Per Magne klarar å gjere draumen sin levedyktig, slik at 4 kløveret på torget framleis har ein stad å vere. For i all min beskjedne arroganse og oppblåsthet vil eg foretrekke at enkelte held fram å gå ut der dei til no har halde seg - så slepp eg å måtte forhalde meg til dei, som dei forheld seg til utlendingar.

Musicen lenge leve!

5.10.06

Murphy

"If there are two or more ways to do something, and one of those ways can result in a catastrophe, someone will do it" – eller, enklere "Alt som kan gå galt - går galt"

Denne lova vart oppdaga under forsøk der den menneskelige toleranse for akselerasjon under raketteksperimenter vart undersøkt. Eg ser føre meg at ei og anna sjel verkeleg fekk gjennomgå før lova vart lest opp og vedteke.

Ein del hendingar i livet mitt har vore under sterk påverknad av nett denne lova, og for å illustrere dette kjem her nokre dømer frå min røyndom

Eg kjøper meg stereoanlegg og det er i alle fall to moglege utfall:
1- det verkar heilt fint og vi lever lukkeleg saman i alle dagar frametter
2 - det verkar ikkje fint i det heile.
Stereoanlegget må reparerast og det er i alle fall to moglege utfall:
1- anlegget vert reparert, verkar heilt fint og vi lever lukkeleg saman i alle dagar frametter
2- anlegget vert reparert, verkar ikkje fint i det heile, må reparerast omatt og omattat.
Etter gud veit kor mange telefonar, månadar med venting og turar til Åsane, får eg meg til slutt eit nytt stereoanlegg av ein heilt anna produsent, og hittil har vi levd lukkeleg saman.

Eg får full skiutstyrspakke til jul, dette skal leverast på døra heime hjå far og mor. Det er i alle fall to moglege utfall:
1- alt vert levert slik det er bestillt
2- alt vert levert, bortsett frå at skorne kjem i feil storleik
Eg må ha skisko som passar min smukke fot og tar kontakt med butikken, og det er i alle%2
----------------------??????????????????????????????????----------------------
ja no held eg på å klikke og ønsker mr murphy velkomen tilbake i mitt liv. Har nett skrive eit veldig langt innlegg om kor heldig eg har byrja å kjenne meg, til trass for Murphy og den dumme dumme lova hans har prega store delar av mine handlingar dei siste åra. Plutseleg er over 2/3 av det eg har skrive bortevekk! Flaksen ja, skikkeleg, spesielt...no er eg berre sur og grinete, og skal for evig tid huske å lagre undervegs.

No skal denne halvferdige posten få ligge ute på nettet og irritere meg kvar gong eg ser den, berre for å minne meg sjølv på at ein svale gjer ingen sommar. Eit par episodar der eg ikkje har mykje meirarbeid, ekstrautgifter og tonnevis av frustrasjon, gjer meg tydlegvis ikkje spesielt heldig og i alle fall ikkje kvitt lova hans Murphy.

3.10.06

Syng med oss

Kva er vel ein måndag utan Singstar? Fram til i går var svaret på det spørsmålet: ein heilt vanleg måndag. Etter 02.10.06 vil svaret vere: ikkje heilt det same. Vi kjenenr vel alle til reglane som er knytt til dei ulike vekedagane. Tirsdag er pannekakedag, torsdag er komledag, laurdag et ein graut og måndag er heretter kjent som singstardag!! Ved slike tilstellingar som vi hadde i går, er det veldig tøfft å ha eit rimleg stileg heimesnekrakinoanlegg! Singstar på stort lerret og volum over annlegget og ei heftig discokule lysande i bakgrunnen - det er jentene sine som har det!

No skal ikkje eg skryte på meg å vere frampå med tanke på synging. Eg syng i dusjen, nynnar i ny og ne, tek ansvar ved allsang i bryllup og grevferder (ved slike høver skjuler eg meg bak "syng med den stemma du har" og satsar på at folk rundt meg ikkje vert alt for skremde), men der stoppar det. Eg har prøvd singstar ein gong. Den gongen fekk eg færre poeng i løpet av ein heil låt, enn det dei fleste av gårsdagens singstars fekk i løpet av første strofa - like greitt å sitte i sofaen og utgjere klappekomité.

Eg får beklage for kvaliteten på bileta, er tatt med mobil i eit heller dunkelt lokale.