13.3.08

Blogg er ut,

det kan i alle fall verke slik på bloggehyppigheten min her dei siste månadane. Sjå til dømes kor stor den lille superjenta til supertanta har blitt på alle desse dagane som har vandra forbi utan at eg har tatt meg bryet verdt å publisere i nemneverdig grad her på sida.


17.7.07

Ein ny verdsborgar

Endeleg er ventetida over, både for Svigerinna, lillebroren, lille dronninga og heile resten av familien! På laurdag smatt det ut ei fin lita jente. Lang og tynn og litt av ein hjarteknusar. Eg er kjempeglad på den lille familien sine vegner. Sidan eg allereie har lovt å vere supertante, så er det no å skride til verket. Har heldigvis litt tid å kome inn i rolla på, sidan det i tida som kjem sikkert kjem til å gå mykje i soving og eting og den slags. Får nyte den tida no og heller mentalt førebu meg på at eg må halde tritt med eit lite hyperaktivt tantebarn om eit års tid;)


15.2.07

supertante!!

best å ha det skriftleg slik at bror og svigerinne kan arrestere meg og
vise til dette skrivet om eg ikkje skulle innfri!



Eg har sett meg som mål å bli supertante. Tante vert eg uansett, om alt går bra (bank i bordet), til sommaren, den biten har ekteparet tatt seg av. Superbiten må eg stå for sjølv, men ser føre meg at det skal gå heilt fint, sidan eg er slik ein superperson!


Eg gler meg stort til å setje i gang med supertante oppgåva
Og gratulere så mykje til dei vordande!