31.12.06

var året 2006 bratt?

Ettersom eg surfar ein del, kjem eg over eit og anna på andre sine sider, som eg frekt og freidig stel. Følgande spørsmål er saksa og limt for harde livet, men svara er no mine!

Året 2006

1. Hva gjorde du i 2006 som du aldri har gjort før?
I 2006 var eg td i bryllaup til lillebror min, det har eg aldri gjort før. Går for så vidt ut frå at eg aldri gjer det igjen heller.
Eg gjekk birkebeinaren, har aldri gjort det før men er redd for at eg kjem til å gjenta nett den slitsame affæren.
2. Holdt du nyttårsforesettene dine. Og vil du lage nye?
Eg er ingen stor fan av nyttårsforsett og hadde ingen for 2006. For 2007 håper eg at eg oppnår "bonusar" - opplevingar som brenner seg fast som utprega positive og som gjerne kjem noko uventa. Eg hadde ein del av dei i 2006!
3. Ble noen som står deg nær mor eller far?
I år har det kome til to nye verdsborgarar i min omgangskrets. Frida Olette og likkjebanet til Åshild og Jo Even.
4. Døde noen som sto deg nær?
Nei, og takk og lov for nett det!
5. Hvilke land har du besøkt det siste året?
Haha, 2006 har vore eit dårleg reiseår, har besøkt england og autsland(et)!
6. Hva ønsker du deg neste år som du har savnet?
Ei utdanning og ein jobb! (god karakter og høg løn er ein føresetnad)

7. Hvilke datoer i 2006 vil du aldri glemme, og hvorfor?
hmmm har ikkje allverda til husk, og har no gløymt både datoar og grunngjeving
8. Hva er det største du har oppnådd i år?
Eg gjekk birkebeinaren på godt over ein arbeidsdag! Det var stort, sjølv om det gjekk seint.

9. Hva var din største nedtur?
At eg gjekk glipp av opp til fleire episodar av Sopranons

10. Har du vært syk eller skadet?
Har hatt skikkeleg vondt i viljen, har belastningskade i vondten og ein aldri så liten aktivitetsallergi

11. Hva var ditt beste kjøp?
Eg og gode kjøp passar like godt saman som fot i hanske eller hand i hose.

12. Hvem fortjener din hyllest for oppførselen sin?
kan vere på sin plass å hylle kofi annan. Han har gjort ein god jobb i FN og takkar no av.
13. Hvem sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
usa og george bush
14. Hva gikk mesteparten av pengene dine til?
Hus og seriøs store mengder mat
15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
16. Hvilken sang [artist] vil alltid minne deg om 2006?
17. Sammenlignet med denne tiden i fjor, er du …
a. Gladere eller mer nedstemt?
b.Tynnere eller tykkere?
c. Rikere eller fattigere?
Eg er gladare, tynnare og rikare.
Herregud så deilig det var å skrive nett dette!
18. Hva skulle du ønske du gjorde enda mer av?
utforska nye ting, besøke fleire vener, reise på tur til andre land enn austlandet
19. Hva skulle du ønske du gjorde mindre av?

syte og klage
20. Hvordan vil du tilbringe julen?
Jula vart feira tradisjonen tru, heime hjå mor og far med resten av familien samla. Sur sang, men stø gang rundt juletreet etter ein særdeles nydeleg middag.
Har jobba mykje og sosialisert meg lite denne jula. Det må det gjerast noko med til neste år

21. Ble du forelsket i 2006?
Synd og skam, men vart ikkje det
22. Hvor mange one-night stands hadde du?
nei veit du kva, den slags skriv eg verkeleg ikkje her.
Det finnes da en grense.
23. Hva var ditt favorittprogram på TV?
Sopranos
24. Hater du noen nå som du ikke hatet på denne tiden i fjor?
Trur ikkje eg spring rundt å hatar folk, men eg mislikar kanskje elprice litt for ikkje å levere fryseboksen min.
25. Hvilken bok er den beste du har lest i år?
Extremely Loud and Incredibly Close
26. Hva var årets beste musikalske oppdagelse?
lily allen
27. Hva ønsket du deg – og fikk?
laks - fekk 5!!! og så fekk eg flugestang, så til sommaren skal eg stå i ei elv og kose meg med mygg og makk!
28. Hva ønsket du deg – og ikke fikk?
Kvit jul
29. Hva var årets beste film?
Casino Royale på underhaldningsfronten og "god grew tired of us" på dokumentarsida
30. Hva gjorde du på bursdagen din?
feira inn i dei seine nattetimar. Og det skal eg gjere i år og! Er ope hus på HOTELL KARAMELL på første laurdag i det nye året. Berre å ta turen om du er i nærleiken!
31. Hvilken enkeltting/-person har gjort året mye mer tilfredsstillende?
fryseboksen min
32. Hvordan vil du beskrive klesstilen din?
hettegensar og dongeri.
33. Hva har holdt deg i mental balanse?
kven seier at eg er mentalt balansert?
34. Hvilken kjendis likte du best?
uff, desse kjendisane. kan ikkje nett kome på nokon i farta.
35. Hva i politikken har opprørt deg mest?
det der jækla frp hysteriet.
36. Hvem savner du?
Venene mine som bur austafø!
37. Hvem var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
det er så mange bra folk der ute!
38. Fortell en viktig livsvisdom du har lært i år?
gooood tid, alt ordnar seg til slutt!
39. En sangtekst som oppsummerer året …
never ending story(paper)

Med denne oppsummeringa vil eg takke for 2006 og ønske 2007 velkomen. 2007 er bonusåret, så dette skal bli bra!

30.12.06

sorg og sakn

Nett no tikka det inn melding om at lille søte zelma har forlete hotell karamell til fordel for dei evige osean.

Lukke på ferda!

god jul!



No er eg seriøst på etterskot når det kjem til å sende julehelsing, men betre seint enn aldri er det vel noko som heiter.


Eg håper at alle har hatt ei finfin julefeiring, med alvorleg store mengder god mat og mykje godt selskap. Det har i alle fall eg!




Gratulere så mykje til Åshild og Jo Even som fekk ei lita jente i går kveld!






15.12.06

eg ser deg djupt inn i kvitauga

og eg likar det eg ser

Minst ein gong i året må eg ha deg.
nett slik du er
med øyra på stilk og tenna i uorden
Eg likar deg, kjære!

Frå første gong har eg hatt lyst på meir,
meir av din smak!

3. søndag i advent er skjeltesøndag - så det er berre å hive innpå folkens!

13.12.06

Svart er både dagen og natta...

Svart senker natten seg i stall og stuer.
Solen har gått sin vei. Skyggene truer.

Inn i vårt mørke hus stiger med tente lys.

"Mørket skal flykte snart fra jordens daler."
Slik hun et underfullt ord til oss taler.
Dagen skal atter ny stige av røde sky

I dag er det berre 8 dagar til sola snur!
Er ikkje det ein fin ting å tenke på?

12.12.06

Kva er det eigentleg som plagar folk?

Kva som får to gutekvalpar til å dytte folk overende, true og stikke av med lommebok og telefon kan eg berre ikkje forstå. Ikkje at eg gidd å bruke særleg mykje energi på å freiste å forstå slike folk heller.

Om enkelte er så veldig interessert i andre sine eigedelar, kan dei ikkje berre spørre då? Kvar har det blitt av den gode gamle "Henda i veiret, penga eller livet"? Hadde eg fått det spørsmålet retta mot meg, hadde eg sporenstreks løfta henda, gjeve dei pengane og gått derifrå med visshet om at det var lurt å velge livet! Tjuvraddane skulle fått mobiltelefon og andre ting og dei måtte ha av interesse. Dei kom i det minste med eit forslag og eg hadde eit val for korleis eg ville agere på det. Eg trur ikkje at eg hadde blitt så veldig glad for å fått ei slik problemstilling i fanget, men så lenge ingen legg hand på meg og tvingar meg i kne, kan eg synse om at eg ville langt på veg føretrekke ein slik situasjon framom det
andre har vorte utsett for i det siste.

Folk er galne og det ser ikkje ut som om det vil endre seg med det første.
og det er eigentleg ganske trist

8.12.06

saknar du denne?


Denne vart liggande att på hotell karamell i går. Om du kjenner denne kan du ta kontakt og få den overlevert. Den er sølv med litt blått i midten og ganske dyr, ca 1000,-

7.12.06

Peparkakehus!

Her på hotell karamell har vi førebudd jula i lang tid. Det gjekk ikkje lang tid frå julestjernene kom opp utanfor vindauge før det var tenning av julegran, opning av julegate, tenning av adventslys, julehandel på Ikea, julepynting av heimen, peparkakebaking og peparkakehusbygging og pynting stod på plakaten.




Neste år trur eg vi er klare til å levere eit aldri så lite bidrag til peparkakebyen på galleriet.

6.12.06

Det er slett ingen vanleg dag i dag!

I dag har godaste line bursdag!

Gratulere så mykje med dagen!
Skulle gjerne ha vore med og feira deg i helga, men må nok vere i Bergen og halde fortet!

Kan i same slengen nytte høve til å gratulere deg med ny leilighet, og sambuarskap med ein knakandes kjekk kar!













5.12.06

kva skjer med overskriftene mine?

Kvifor er mine overskrifter linkar til tomme sider? Alle andre har innhald på sidene sine, det vil eg og ha!

Skal tru om her er nokre smarte sjeler som kan hjelpe ein stakkar med dette problemet?

som takk for eventuell hjelp, vil det verte overført eventyrlege summar til vedkomande sin løningskonto avd himmelen!

4.12.06

kan du hjelpe meg med ein femmar til bussen?

Espen (38) tener mellom 2000 og 2500 per dag, dvs i løpet av ei tre til fire timar lang arbeidsøkt per dag. Med litt, for meg avansert matte, kjem eg fram til at dersom Espen jobbar i 4 timar har ei timeløn på ca 625 dei dagane han tener 2500 og kr 500 dei dagane han berre tener 2000. I desember tener han det dobbelte av kva han gjer i januar. Om eg då tek utgangspunkt i den lågaste dagsinntekta, tener Espen 250 kr timen. Vidare i reknestykket juksar eg litt og legg inn ein del antakingar, som eg strengt tatt ikkje har 100% belegg for å gjere, då eg verken kjenner Espen, eller har sett dokumentasjon på inntekta hans i løpet av eit år. Uansett, eg lagar no eit lite reknestykke no når eg er så godt i gang. Det første talet representerer antal arbeidsdagar i løpet av nemde månad i 2006. Det andre talet representerer dagsinntekt basert på at desember er den månaden med høgst avkasting og januar den med lågast. Eg ser føre meg at talet vil justere seg i trå med varme og turistsesong, kulde og mørkre. Basert på desse antakingane sit eg att med følgande tal:
Januar: 22 x 1000 = 22 000 Februar: 20 x 1000 = 22 000
Mars: 23 x 1000 = 23 000 April: 17 x 1500 = 25 500
Mai: 20 x 1500 = 30 000 Juni: 21 x 1500 = 31 500
Juli: 21 x 1800 = 37 800 August: 23 x 1800 = 41 400
Sept.: 21 x 1500 = 31 500 Okt: 22 x 1500 = 33 000
Nov: 22 x 2000 = 44 000 Des: 19 x 2500 = 47 500
Sum 2006: 389 200

No kan det syne seg at eg har nytta litt feil tal her og der, men om eg reknar med ein feilmargin på opp til td 36%, kan ein altså rekne med at Espen i løpet av eit år har ei inntekt på alt frå 249 088 til 389 200 (Eg vil tru at Espen gjerne ligg i det øvre sjiktet). Med ein arbeidsinnsats på 4 timar per dag, ligg altså Espen ein stad mellom lønnstrinn 25 og 53. Mellom desse lønnstrinna finn ein veldig mange av lønnstakarane i Noreg, og veldig mange av dei jobbar atskilleg meir enn 4 timar om dagen for å karre til seg ei inntekt. Verdt å merke seg, i tillegg til den låge arbeidsinnsatsen, er at pengane går rett i lomma til Espen. Han slepp å tenke på skatt, tenestepensjon og evt fagforeiningskontigent. Heller ikkje vert han råka hardt av toppskatt og formuebeskatning. Den vegen andre si løning tar om staten, hoppar Espen glatt over. Skulle eg td vere så heldig å få ein jobb med lønnstrinn 40 ville eg sitje att med 195 840,- etter skatt, men før tenestepansjon og fagforeiningskontigent.

Eg vel å tru, at den einaste kontakta det er mellom Espen og staten når det kjem til finansielle transaskjonar, er at han får pengar inn på konto. Som sagt så spekulerer eg her – men noko seier meg at Espen mest sannsynleg får nokre kroner kvar månad frå staten, slik at han skal ha til livsopphald.

Espen disponerer altså alvorleg mykje pengar i løpet av eit år. Meir pengar enn eg kan rekne med å rå over, då eg er i den heldig situasjon at eg tar vegen om staten med løningsposen min, og slik delfinansierer Espen sine månadlege utbetalingar.

No trur kanskje du som les dette at eg vil inn på ein debatt om stat, sosialstønad, narkomane sine kår i noreg, den dårlege avkastinga høgare utdannig gjev i dette landet etc. Eg må nok skuffe deg der. Eg vil eigentleg berre kome med ei aldri så lita oppmoding:

”Neste gong du tiggarskinn spør om nokre kroner til bussen, og eg diverre må beklage og seie nei, ikkje våg deg å bli sur! Du er rett og slett meir velståande enn meg. Kanskje har du pådratt deg ein og anna vane som både er meir kostnadskrevjande og helesefarleg enn mine vanar er, men likefullt, eg har rekna – og tru du meg, kronene mine får du aldri!”

3.12.06

Lys i mørkre

I går trossa eg, lillebroren og svigerinna regn og vind for å få med oss den tradisjonelle lysfesten til BKK. I det vi kom, gjekk nokre tenorar på scena og song "you raise me up" - ein song eg finn fullstendig latterleg klissete. Veit ikkje heilt kvifor eg har eit slikt forhold til songen, men det er noko med den som ikkje nett vekker dei same kjennslene hos meg som ein god del andre. Eg byrjar rett og slett å le litt av den songen. det er liksom ingen grenser for kor svulstig det går an å komponere og framføre ein låt. Det noko underlege med meg er at eg nokre minutt seinare let meg rive med og syng julesongar for full hals der eg står. Samanliknar ein nevnte låt med julesongar, er det ikkje rare skilnaden. Det er vel ikkje å ta for hardt i om eg seier at julesongar er noko svulstige dei og, td: "Gjennom de fagre riker på jorden går vi til paradis med sang"

Trass dette er det noko eige med julesongar. Eg vert ført tilbake til den gong då, då eg var lita. Treet vart pynta med heimelaga korger og gåvene under var mange og harde. Timane frå eg stod opp til middagen var unnagjort var nær uuthaldelege, disney var på tv, sølvgutane sang og sang og sang og sang jula inn. Ja det er tusenvis av slike moment som har brent seg fast. Opp gjennom åra har sjølve julafta endra seg litt – og det skal eg kome tilbake til i eit seinare innlegg, no vil eg fram til at noko som ikkje har endra seg trass alt, er gangen rundt juletreet. I min familie dreg vi juletreet fram på golvet, fyller opp med pakkar under det, og flokkar oss rundt og syng julesangar! Ingen pakkar vert opna før gang og sang rundt treet er unnagjort. Denne tradisjonen har eg med andre ord lært meg å sette pris på – for når vi var komne så langt, var det ikkje lenge før gåvene venta!

Utover å gaule på julesongar av hjartans lyst, fekk eg med meg eit fantastisk flott fyrverkeri. Og om eg nokon sinne får det til, skal eg jammen meg sjå om eg får lasta opp ein aldri så liten filmsnutt av den opplevinga.