På hotell karamell tar vi oss av og til nokre turar ut på Plantasjen. Avgjerande for om vi tar turen er 2 ting. 1 at det er sal på grøne planter og 2 at blomane som allereie finnst i heimen har rotna på rot. At det stort sett kontinuerleg er sal på Plantasjen er bra, for blomane våre rotnar på rot kun kort tid etter at dei har kome seg i hus.
Med nytt år, kjem gjerne behovet for å fornye seg, og dermed fann vi ut at vi skulle fornye oss litt på blomefronten og. Litt greitt å ha noko anna enn fredsliljer i heimen. Skal seie vi fann nokre artige saker på førre handletur. Ein blome som heng, ein som er skikkeleg mjuk og god om ein stryk den i oppadgåande retning på undersida av blada, ei fredslilje - sjølvsagt, ein høg grøn sak, og ein ananasblome! Jepp, du las rett - vi har investert i ein aldri så liten blome som gjev oss ananas! Greitt nok at det kan ta litt tid før vi kan hauste og ete, men den pynter no fint opp der den står!
Sidan jul og nyttår ofte representerer død og fordervelse for våre søte små fiskar betyr januar fiskehandel. Lille Zelma har jo som tidlegare nemnt, forlate denne vera til fordel for dei evige osean og dermed vart det ein plass ledig i akvariet. Denne plassen vart tildelt Goliat. På måndag kunne to stolte bufeller trygt plassere han i sin nye heim. Dei to eksisterande små venene våre var ikkje ubetinga begeistra, og har faktisk ikkje enno synt noko form for interesse for sin nye ven. Men, som det stadig syner seg, integrering tar tid og skjer slett ikkje over natta så eg går ut frå at haruki murakami og boutrus boutrus-ghali blir vener med goliat i det lange løp.
