21.2.07
15.2.07
supertante!!
best å ha det skriftleg slik at bror og svigerinne kan arrestere meg og
vise til dette skrivet om eg ikkje skulle innfri!
Eg gler meg stort til å setje i gang med supertante oppgåva
14.2.07
kva i alle dagar skal eg med ein gris?
Tenkte eg då eg opna eposten min. "versågod! Du har fått en kjælegris til valentinsdagen" ! Eg hoppa nesten i stolen, i alle dagar, ein gris i hus - grisehus - det vert det fort nok på mitt rom med berre meg der. Tenk korleis det hadde blitt sjåandes ut med ein gris i tillegg. Nei veit du kva, denne gåva var ikkje så tøff.
8.2.07
Gjer noko lurt!!
Om du klikkar deg inn HER og reserverere deg mot å få telefonkatalogen tilsendt i posten kan du gå helga i møte med verdas beste samvit!
Vil du vite litt meir om bakgrunnen for denne lure ideen kan du lese det i aftenposten.
(og snart må eg byrje å bruke store bokstavar der det høyrer heime)
Ny rekord i bergen!
Det har no vore 3 heile dagar utan regn/snø/sludd/hagl i bergen. Sola har synt seg på ein himmel som har vore ganske så blå! Dette må vere ny rekord! Det er i alle fall superkjekke observasjonar å gjere seg!
4.2.07
skal seie det vert jobba hardt for tida!
det vert pussa og målt og tapetesering og golvlegging vert utført over ein låg sko. Eg trudde januar var månaden for å hente seg inn att etter ein hektisk desember, men den gang ei. Ikkje berre har vi fått nytt kjøkengolv på hotell karamell den seinare tida. Han broremann og hans fru har fått seg flunkandes nytt kjøken, stovegolv og bad.
På sjølvaste hotellet måtte kjøkenavdelinga få seg eit nytt golv etter ei aldri så lita vasslekasje. På eit tidspunkt såg golvet vårt ut som ei berg og dalbane. Heldigvis skreiv ikkje vatnet seg frå verken gjestar eller besetning.
Varmtvassrøyret hadde bore vatn lenge nok og bestemte seg for å markere det
med ein sprekk. For sikkerhetsskuld var sprekken på ein stad på røret som låg litt godt ned i betonggolvet. Det noko upraktiske/bra opp i heile "leite etter vatn episoden" var at det vart oppdaga lekasje i avløpsrøyret på kjøkenet. Ulempa var at den lekasja vart oppdaga før sprekken i røyret, noko som førte til at då golvet nesten hadde tørka ein laurdag og alt skulle vere klart for parkettlegging på måndag, var det plaskandes vått sundagsmorgonen. Måndag og tirsdag gjekk med til den nye leiterunden som vart sett i gang. Tirsdag vart sprekken endeleg oppdaga. Ny tørketid - og endå fleire dagar med eit noko alternativt kjøken. Kjøleskåp, komfyr og micro i staua, oppvask for hand og diverse parkett og verktyg slengt litt rundtomkring. Det er som dei seier, den som ventar på noko godt.... torsdag kunne vi endeleg gå over eit nytt og fint golv, lage mat der mat skal lagast, hente ting i kjøleskåpet på kjøkenet og setje kjørella i oppvaskmaskina!! Eg skal på ingen måte seie at vi har fått eit godt golv å gå på, då det er bølgete, gjev etter og har nokre kraftige skøytekantar mot gamal parkett - men, det er i alle fall ikkje be
tong!!!1.2.07
frå rena til lillehammer
på under 8 timar er målet. Kor realistisk det er, er ei heilt anna sak. No er eg i alle fall litt meir i siget enn eg har vore på lang lang tid. 2 turar på ski og 2 økter i treningsstudio er ein god start, kanskje litt i seinaste laget - men no er eg i alle fall i gang! 