27.1.07
24.1.07
sånne som oss?
ingis: litt lenger bak
bene: slik? smile smile
mobil: klikk
ingis: det blei bra! ser ut som om det faktisk berre er plass til deg i denne gata her!
bene: få sjå....hahaha
dama med bikkja: jaa... skal dokker flytte dokker snart????
bene og ingis: ?
dama med bikkja: ja!! eg skal inn her!!!
bene: beklagar
dama med bikkja: åhhh beklager, åhh beklager
bene og ingis: hahaha ho var ikkje blid
dama med bikkja: ja når man bor i samme byen som sånne som dokkar er det ikkje rart at en blir uhøflig.
Småleande gjekk eg og ingis vidare på tur i vinterkledde bergensgater! Ein tanke var det likevel ikkje så lett å riste av seg: Kven er sånne som oss? Blir folk sur og uhøflig av å bu i same by som meg og Ingis? Er det turgåarar folk blir uhøflege av? Kanskje jenter? Eventuellt studentar og folk som er i arbeid? Folk som tar bilete? Personar som står i ro i gatene? Individ som ikkje ved å kaste eit blikk på ein tilfeldig forbipasserande veit kvar vedkomande bur og skal?
Eg er i alle fall glad for at eg bur i same by som sinte bikkjedamer, som kan gjere ein heilt vanleg tirsdag til ein dag ein huskar i lang tid framover!
18.1.07
å handle på ikea tar tid!
I går hadde dei eit knallgodt tilbod på Ikea. Ein sofa som tidlegare var prisa til nær 5000 norske blanke kroner, skulle dei no berre ha 1000 kroner for. Då hotell karamell kun har 2-setarar i staueavdelinga, tenkte eg at ein billeg 3-setar kunne vore kjekt å få i hus.
Eg allierte meg med Gry, og fekk ho med som potensiell bærehjelp. Denne hjelpa, skulle det syne seg, fekk eg lite bruk for. Ikea opnar kl 10:00, då eg stod oppe i sofaavdelinga kl 10:22 var det ikkje ein einaste sofa att til meg. Folk hadde vistnok stått i kø sidan kl 08:00 for å sikre seg den billege 3-setaren!!!! Tanken som slo meg då var at eg slett ikkje er ein erfaren salskunde på ikea. Kven står i kø i 2 timar for ein sofa? Ein sofa frå ikea? Alle veit jo kva som foregår i dei sofaane. Der sit jo far og bankar mor......
På Bohus var det ikkje nett nokon sofa som lyste mot meg og sa ta meg med heim. Dermed måtte vi på Living for å sjå om dei hadde ein sofa med namnet mitt på. Vi fann ikkje sofa der heller. Men, vi fann, vi fann! Kva vi fann? Massasjestolar!!!!!
Mellom Åsane og Bergen ligg Lidl så gunstig plassert. På lidl har dei spanande billegmat frå sjølvaste Tyskland. Eg synst personleg at mat frå andre land er spanande - det vere seg billeg eller ikkje. ting kan tyde på at andre som handlar hos Lidl ikkje tykkjer det, då dei har markert nesten annakvart produkt med "norskprodusert". Kva i alle dagar er poenget med det? Er det så himla nøye kva land si jord potetene ein kjøper på Lidl kjem frå? Må suppene vere frå indre arna? Eg trudde at poenget med Lidl var at dei hadde tyske varer av typen billege, som dei skulle selge billeg i Noregs land og rike....jaja vi er vel nokre gode nissar med store skylappar her oppe i nord.
Om dei bomma litt på konseptet med maten, har dei i alle fall fått inn ein fulltreffar mtp storleiken på handlevognene. Ikkje har dei korger og vognene er store nok til å kunne romme mat for meg i eit år. Enkel som eg er, handla eg sjølvsagt over evne - ser jo så lite ut det som ligg i botnen av vogna.
Eg pakka glad og nøgd ut varene i heimen kl 17! Å handle på ikea tar tid!
15.1.07
mange slags rekordar
"helledussen så kjekt, no har vi I sogn og fjordane finnst det og nokre rekordar; Noregs vestlegaste by, Noregs lengste fjord, Noregs og sikkert nord-Europa sitt djupaste vatn, den største breen i landet... ja eg kunne sikkert ramsa opp veldig mange fleire av denne slags rekordar frå sogn og fjordane. I følgje folk frå Rogaland, freister det fylket å legge seg inn som ein god nummer to i ulike samanhangar som til dømes Noregs andre største kjøpesenter. Hordaland finn ein og på lista over rekordinnehavar; Noreg sin nest største by, Noreg sin lengste/største frittfallande/hengande foss, snart nasjonal nedbørsrekord og ikkje minst: Noreg si største innlandsøy!
Når ein har Noreg si største innlandsøy lett tilgjengeleg fortener det verkeleg ein aldri så liten søndagstur. Eg og ingis pakka oss i bilen i går og hadde ei fin oppleving på vegen. Grunna årstida vi er inne i no, vart det litt dårleg med lys på turen, då vi ikkje kom oss avgarde før i fire-tida. Det vart til dømes n
oko vanskeleg å finne innkøyrsla til Ole Bull sitt hus og å lokalisere informasjonsskiltet for
Valestrand. Utover litt feilkøyring og meirkøyring histen og pisten så hadde vi ein finfin tur. Skal bli spanande å ta turen i dagslys for å sjå korleis det eigentleg ser ut i Valestrand. Forøvrig så er Osterøy eit feiandes flott mål for ekspedisjonar. Dei har garverimuseum, lange tradisjonar for rosemåling og ei ferje som går til Breistein.På vegen køyrde vi forbi til ei aldri så lita bilulykke. Å sjå ein bil ligge feil veg i grøfta fører til at 2 tankerekker går gjennom mitt hovud. 1 eg er kjempeglad for at det ikkje er eg som anten sit fast i eller kryp ut av ein slik bil og 2 kanskje eg skal roe tempoet litt. Takk og lov for at det har gått bra så langt i mi sjåførkarriere. (Bank i bordet og salt over skulderen)
10.1.07
Nye skot på stammen
På hotell karamell tar vi oss av og til nokre turar ut på Plantasjen. Avgjerande for om vi tar turen er 2 ting. 1 at det er sal på grøne planter og 2 at blomane som allereie finnst i heimen har rotna på rot. At det stort sett kontinuerleg er sal på Plantasjen er bra, for blomane våre rotnar på rot kun kort tid etter at dei har kome seg i hus.
Med nytt år, kjem gjerne behovet for å fornye seg, og dermed fann vi ut at vi skulle fornye oss litt på blomefronten og. Litt greitt å ha noko anna enn fredsliljer i heimen. Skal seie vi fann nokre artige saker på førre handletur. Ein blome som heng, ein som er skikkeleg mjuk og god om ein stryk den i oppadgåande retning på undersida av blada, ei fredslilje - sjølvsagt, ein høg grøn sak, og ein ananasblome! Jepp, du las rett - vi har investert i ein aldri så liten blome som gjev oss ananas! Greitt nok at det kan ta litt tid før vi kan hauste og ete, men den pynter no fint opp der den står!Sidan jul og nyttår ofte representerer død og fordervelse for våre søte små fiskar betyr januar fiskehandel. Lille Zelma har jo som tidlegare nemnt, forlate denne vera til fordel for dei evige osean og dermed vart det ein plass ledig i akvariet. Denne plassen vart tildelt Goliat. På måndag kunne to stolte bufeller trygt plassere han i sin nye heim. Dei to eksisterande små venene våre var ikkje ubetinga begeistra, og har faktisk ikkje enno synt noko form for interesse for sin nye ven. Men, som det stadig syner seg, integrering tar tid og skjer slett ikkje over natta så eg går ut frå at haruki murakami og boutrus boutrus-ghali blir vener med goliat i det lange løp.

9.1.07
januar er full av uvanlege dagar!
Skal prøve å vere snill og grei med deg heile dagen! 6.1.07
i dag er det i alle fall ikkje ein vanleg dag!
i dag er det min dag!
"Å feire fødselsdag er sunt. Statistikken viser at de som feirer flest fødselsdager, også er de som lever lengst." larry lorenzoni
Ver velkomen til feiring av meg og ingis kl 20 på hotell karamell!