27.9.06

Er det ein vanleg dag?

Er det ein vanleg dag?
nei det er ingen vanleg dag,
for det er storebror sin fødselsdag!
Hurra, hurra, hurra

Gratulere med dagen, vil eg ønske min kjære kjære storebror! I dag vert han heile 32 år! Skulle gjerne vore der og feira med Deg! Då det er litt vanskeleg, skal eg heller love å ta ein aldri så liten skål for deg utover kvelden!

25.9.06

Ei helg forbi....

Så var det måndag att - og godt er jammen det;) hehe sjølvsat ikkje. Måndagar er generelt ikkje så tøffe. Fredagar derimot - dei kan eg like, og laurdagar, og søndagar.....

Denne helga har forsvunne som ein vind. Fredag var eg bandansvarleg for Snook - ikkje den mest krevande jobben - tok berre litt tid. Er forøvrig litt artig å vere tilstades på slike arrangement og stå på sidelina og smårle av fulle 18 1/2 åringar som er litt for fulle til å koordinere armar og bein. Utan å overdrive kan eg vel slå fast at gjennomsnittsalderen var ca 18,5.....dei er no søte er dei!

På laurdag kom mor og far til byen - noko som seg hør og bør resulterer i handling, eting, kultur og ein liten avec ut på kvelden med påfølgande laang og god frukost, avslapping, spasering, kultur, nydeleg middag og ein aldeles utmerka dessert og så: avreise.

Denne helgas val av kulturelle aktivitetar var vi ikkje sånn himla heldige med. Kinoen vi såg på laurdagskvelden var sikkert god på sin måte, men ikkje spesielt verken underhaldande, morosam, innhaldsrik etc.... vi gjekk oss rett og slett på ein skikkeleg smell.

Søndag spaserte vi over nygårdshøgda og tok turen innom bergen tekniske museum. Der hadde dei bruktmarknad denne dagen - det gjorde ho mor glad! Den dama er rå på pruting og endar som regel opp med å betle ein slikk og ingenting for skjulte skattar. Men det at ho mor, og ein del av oss andre storkosa oss, fekk ikkje han lillebror til å bli så veldig begeistra....han holdt rett og slett på å gå ut av sitt gode skinn.

Eg kan til ei viss grad forstå hans frustrasjon. Bergen Tekniske Museum - eit slikt namn set visse krav, vil eg seie. Dei krava har dei ikkje møtt på det tekniske museumet i bergen. Herreminhatt for eit lite og "rart" utval dei hadde av gamle ting. Nokre gamle bilar, bussar, trikkar, motorar, trykkerimaskiner og gassomnar i tillegg til 1 million modellbilar og fly i plast!! Kva er det for eit innhald på eit teknisk museum då? Skal vere så ærleg at eg stiller meg bak han lillebror sin frustrasjon: museet var lite og dårleg! (men eg likar loppis, så eg kom ikkje fullt så uheldig ut frustrasjonsmessig som han).

No skal det seiast til BTM sitt forsvar at dei holdt på å pusse opp - eg kryssar fingrane for at dei er i gang med ei totalrenovering og kjem betrakteleg mykje sterkare tilbake!

Som ein siste kommentar til helga, må eg seie at eg sjeldan har vore så glad for å ha kjøpt meg noko så keisamt og vakse som ein fryseboks. Keisamt og vakse....men like fullt, når mor og far kjem stigande inn i heimen med hjortekjøt og laks nok til å brødfø opp til fleire landsbyar i afrika over ein lengre periode, gler eit studenthjarta seg! takk for maten!!!!!!!

21.9.06

Så er eg i gang igjen med nytt prosjekt

Etter å ha høyrt på maset til godaste Eva ei stund no, om kor fantastisk blogspot er, fann eg ut at eg nesten måtte prøve ut saken. Laga meg ein konto for gud veit kor lenge sida, men både brukarnamn (som heilt sikkert kanskje muligens var penebene) og passord har svunne hen og blitt vekke frå mi erindring. Dermed var det duka for å kreere eit nytt brukarnamn, og original som eg er fall valet på.....namnet mitt.....tok faktisk lang tid å pønske det ut og!

jaja, dette er vel meir ei lita prøveposting for å sjå korleis bloggen verkar, så eg dreg ikkje denne posten noko meir ut.

Lukke til med lesinga til deg som er innom sida - og lukke til med oppdateringa til meg!