Let the BIFF begin
Endeleg er det denne tida av året att. Eg jublar no ikkje over at hjorten er i frysaren, at lauvet er på bakken, regnet er kaldt og vinden sur - nei eg er jublandes glad for at det er kinofestival i bergenbyen!
Til no har eg fått med meg ein musikal(!) vel og merke opningsfilmen, Across the universe. Ein veldig fin film som tar ein til 60-talet med beatles, janis, jimi og gjengen. Den kan du gjerne gå og sjå utan at du kjem til å angre på det.
I går freista eg å få med meg ein film om livet i horestrøket i ein by i japan på 1700-talet. Diverre gjorde intervju og trening i løpet av dagen meg meir klar for svevn enn film denne kvelden. Eg vakna faktisk brått midt i filmen av at ein av mine medkinogjengarar òg hadde sovna - uheldigvis for han pusta og pesa han noko voldsomt, faktisk heilt på grensa til snorking var han! Veldig dumt at eg var så trøytt for den filmen var faktisk utruleg fin.
I kveld skal eg nok klare å halde meg vaken på ein film eller to og eg ser fram til ei helg i kinoens teikn!




