26.9.07

Kanskje juntaen kan ta til vit snart?

"In support of our incredibly brave friends in Burma:
May all people around the world
wear a red shirt on Friday Septmeber 28"
Junta!
På eit eller anna tidspunkt må vel til og med de innsjå at måten de driv landet dykkar på, ikkje fungerer heilt optimalt, faktisk ikkje i nærleiken av optimalt ein gong. De kastar medborgarane dykkar i fengsel for den minste ting, splittar familiar, driv folk på flukt, hersar og undertrykker. Det er faktisk på tide å gje seg no. I meir enn 40 år har de nytta dykkar strategi - det kan vel etterkvart seiast at den har feila fullstendig for alle andre enn dykk sjølve, som har oppnåd rikdom og sikkert ei enorm kjennsle av makt. Resten av innbyggarane kjenner på ei voldsom avmakt. Til og med munkane byrjar no opponere, og med tanke på at dei stort sett er sindige folk, så er det på tide at de tar hintet!
Eg veit at Bush trugar med utvida boikott, og kan for så vidt sjå at det er ein dårleg trussel mot dykk som stort sett har stengt landet hermetisk dei siste åra uansett. For så vidt så kan det vere greitt at de ikkje lar trusslar avgjere måten de styrer eit land på, men nett i denne saka er det kanskje på tide å høyre litt på eigne innbyggjarar og resten av verda. La munkane få si dempa røyst høyrt. Ta til vit - gje frå dykk makta utan fleire tapte menneskeliv!
_______________________________________
Eg heiar på raudt på fredag, ikkje av di juntaen fredeleg kjem til å trekke seg om nokre millionar menneske har på seg raud topp ein dag, men av den grunn at det er viktig å syne dei frå Burma som bur i Noreg at dei har ei viss støtte. Ein liten gest som forhåpentlegvis ikkje skadar.
Rødt eller ikkje i morgon, skriv under på denne sida!

19.9.07

nye fiskar - igjen

jaja, no har vi no vi vore avvgårde og fått oss nokre nye fiskar. Dei tok livet av Goliat (min versjon - då goliat og eg fann ut the hard way at det er veldig dødeleg å vaske fiskebollen med såpe).

Sidan dei tok livet av Goliat får dei teite namn som Gulingen og White Trash, og nokre skikkeleg dårlege bilete publisert på verdsveven;

Sundagstur

No har ho Bene vorte vaksen. Kvar vekedag står ho tidleg opp og trallar i veg på jobb. 7,5 timar seinare, framleis trallande, går ho heim og koker poteter med noko attåt. Etter ein liten kvil på sofaen vert det tid for litt ymse moro, før ho legg seg i fornuftig tid, i alle fall før midnatt.

Når helga kjem vert det kanskje ein tur ut på fredag. Ho har slutta å gå på byen på laurdag, då ho gjerne treng to dagar å hente seg inn att på, og godt er det at ho vaknar opp tidleg på sundag, utkvilt etter ein roleg kveld i heimen dagen før. For på sundag skjer det, det ho har lengta etter heile veka. Det er tid for sundagstur!!

Heldigvis er det mykje dikting i dei to føregåande avsnitta, kva får vere opp til min eine lesar å spekulere i, men fantasi eller ikkje, førre sundag var eg på sundagstur! Ein finfin tur i min lille snasne bil, med Ingis som godt selskap.

turen ser slik ut gjennom augo til gule sider:

(Sjølv om det ser ut som om turen endte på Ostereidet, kom vi oss heilskinna attende til bergenbyen. Det er berre funksjonane til gule sider som set sine begrensingar.)

og slik gjennom kameralinsa:



og sjølv om sundagsmiddagen på kroa på Ostereidet var ein gedigen nedtur, så var det alt i alt ein glimrande sundag!