Tyskland i mitt hjarta
Veldig mange av mine bekjente og vener har ein forkjærleik for Frankrike, nokre har tatt det så langt at dei ope har erklært seg som frankofile og sågar vore med i organisasjonar som dyrkar det franske. Eg har aldri heilt hatt sansen for Frankrike. Sjølv om eg kan like ein god ost, drikke fransk vin og på fransk stotre fram at familien min bur og arbeider der dei gjer, er ikkje Frankrike landet for meg. Er det ikkje "det franske" folk diggar så er det td det italienske eller eit eller anna kulinarisk land og rike.
Eg, som den litt sære personen eg er, har Tyskland i hjarta mitt. Tyskland med all sin bratwürst, sauerkraut, øl og byråkrati - det er landet for meg! I førre veke var eg så heldig å kunne reise til Berlin og besøke mi gode veninne AnnaK. Trass ei aldri så lita forkjøling og ei stemme ala mikke mus, hadde eg eit fantastisk opphald, på det best tenkelege hotell, i verdens kanskje beste by!

Som gode turistar måtte vi sjølvsagt gå løypa. Muren, checkpoint Charlie, Adler cafe, Brandenburger torg etc. Så mykje å sjå, så mykje å diskutere og heldigvis google tilgjengeleg for utfyllande informasjon!
meir informasjon kjem!