Det er ikkje så mykje som skal til for å vekke oppsikt i Bergen i 2006. Det held lenge med:
1) ein bil
2) eit sett vinterdekk, jekk, muttrar og ein sånn ting som du skrur ut muttrane med
3) ei jente
Om desse tre punkta vert kombinert, kan du vere sikker på at du vekker oppsikt på Minde ein onsdag. Forbipasserande gav meir eller mindre tydeleg uttrykk for at dette er sjeldan kost.
"så godt å se at dere tar sakene i egne hender"
- det må jo gjerast, og i dag er siste frist, hehe.
"Tenk på alle de som ikke engang klarer å skifte egne dekk om de pungterer."
- slike folk bør ikkje køyre bil.
"Men vi pleier som rege å legge en kubbe eller noe under ene hjulet på bilen når vi skifter dekk - ja slik at den ikke triller vet du!"
- åja, gjer de det! hmm sikkert ikkje så dumt.
"Jeg tror du må plassere jekken litt annerledes. Du må jo passe på at du ikke ødelegger bilen under vet du!"
- ja det hadde ikkje vore noko særleg. Litt dyrt å byte dekk sjølv, om bilen hadde blitt øydelagt

"du må ta jekken nærmere deg"
- eg har funne ein bra plass for den her no!
"jekken må stå slik at den ikke sklir, vet du!"
- ja, det er jo greitt å unngå.
"her, her kan du sette jekken"
- TAKK, for hjelpa.
"Nå må du ikke heise bilen høyt opp i luften"
- nei, du kan vere sikker på at eg ikkje kjem til å heise bilen høgare enn eg må!
"se der ja, dette klarte du jo fint!"
- dette gjekk bra ja, har gjort det før nokre gonger!
"skal si at de dekkene dine synger på siste verset"
-ja, eg skal kjøpe nye til våren.
"du må ikke finne på å sette de på igjen til våren"
- nei, eg skal kjøpe nye til våren.
"de dekkene vil jo være livsfarlige å kjøre rundt med, du må ikke sette de på igjen til våren"
- nei!
Slik gjekk no samtala - eller monologen, for herr Bergensar i 70-åra var ikkje spesielt innstilt på verken å høyre eller ta inn over seg den delen av samtala eg stod for.
Er det verkeleg oppsiktisvekkande at ei jente byter dekk? Er trass alt noko av det minst avanserte ein kan gjere på ein bil. Løys, heis opp, skru ut, løft av, sett på, skru inn, senk ned, skru til! For all del, dette er ikkje eit feministisk rop om likestilling eller eit viktig innlegg i kjønnsdebatten - eg trudde berre at dette var så vanleg at folk ikkje brydde seg.
Er jo uansett like greitt å stikke innom ein verkstad å få det gjort - då slepp ein i alle fall å verte skiten under neglene.