25.1.08

Dronning i eige hus

Nytt år tilseier ofte at noko gamalt må vike plass for noko nytt. For min del er det farvel til min gamle bustad og velkomen til mi eiga leilighet. Den er sjølvsagt ikkje berre mi, for mine to bufeller gjennom dei siste tre åra må jo bu ein stad dei og!



Vi har budd i vårt lille rike nokre veker no, og heldigvis ser det no ikkje fullt så tomt ut. Heldigvis er det ikkje fullt så kaotisk heller.

16.1.08

i beit for leilighet midt i bergen sentrum?

Denne leiligheta er testa og funnen fantastisk å bu i! Treng du eit krypinn eller kjenner nokon som gjer det, ta kontakt. Husveret er ledig omgåande!

Leiga er kr 12 000,- pr mnd. For den summer får du ca 100m2, 3 soverom, 2 toalett, 1 dusj og oppvarming via sentralfyr.

Om du har spørsmål send e-post: bsvardal@gmail.com evt ta kontakt direkte med huseigar via finn annonsa

*************************************************************

Leiligheta har no heldigvis fått nye leigetakarar. Nyt den de som kan, og takk og eit evig farvell til lobotomerte utleigarar!