Skal det verkeleg i 2007 gå an å bli banka opp midt på natta i ei tilfeldig gate i Oslo?Ok, eg veit at det er fullt mogleg å verte utsett for blind vald, vald som ikkje er fullt så blind, og å bli banka opp av di ein sjølv har provosert eller prøvd å banke feil folk. Men å verte banka opp av di ein hevdar at ein religion sitt kvinnesyn bør revurderast?? Eg merkar at eg vert provosert langt inn i sjela.
Eg drit verkeleg i kva land folk er født i. Fargen pigmenta i huda deira produserer er fullstendig irrelevant. Om dei er religiøse fanatikarar eller trur pittelitt er meg revnande likegyldig, og kva dialekt eller språk folk snakkar vedkjem stort sett berre dei sjølve - men ein ting som får meg til å engasjere meg i folk, er når dei byrjar å banke andre mennesker av di desse andre offentleg uttrykker meiningar og synspunkt dei sjølve ikkje har. Ein knyttneve er då verkeleg ikkje eit argument i ein debatt! Når enkelte tar, for nokon eit viktig tema og ein naudsynt diskusjon ned på eit så latterleg useriøst nivå, får eg lyst å bli latterleg og useriøs sjølv (utan å ty til vald, vel og merke). Eg har berre orda mine og kan med dei ønske desse tomskallane av nokre idiotar langt ut på Hardangervidda ein mørk og stormfull februardag! All min eder og galle burde denne type folk svømt rundt i, til evig tid!
Kven Kadra er og kva ho tidlegare har gjort med og utan skjult kamera kan sikkert diskuterast, men eg vil ikkje leve i eit samfunn der folk får bank for å ha feil meiningar. Eg vil ikkje leve i eit samfunn som lar tolkingar av ord styre ein kvardag desse orda aldri var meint for. Om det er mobben i gata som skal få bestemme, kven er då nestemann ut? Kven må sjå seg ekstra nøye over skuldra på veg heim? Presten som er kvinneleg? Guten som sit og tissar? Kvinna med raude strømpar? Det homofile paret? Dama som varslar om ulevelege forhold ved ein arbeidsplass? Mannen som meinar at søskenbarn ikkje bør gifte seg med kvarandre? Jenta som er mot EU? Eg fordi eg ytrar meg?
Søren heller, eg vil berre ikkje ha det slik!
Håper folk har vit til å sjå at denne episoden faktisk er meir enn nok eit tilfelle av vald i Oslo sine gater. Dette dreier seg om kven som kan setje dagsorden og på kva måte det skal skje på: Her har det vorte gjort tydeleg, på verst tenkelege måte, at koranen sitt kvinnesyn slett ikkje skal diskuterast, og at Kadra i alle fall ikkje skal uttale seg i saka. Dette kan ikkje gå upåakta hen. Kadra har rett til å uttale seg, ho har rett til å freiste å setje dagsorden. Eg vil kunne uttale meg og setje dagsorden og eg vil at DU og skal kunne gjere det. Som F. Voltaire ein gong i tida sa:
Eg er ueinig i meiningane dine, men eg vil inntil døden forsvare retten din til å ytre dei!