21.2.07

med ræven i fatle?

skal seie enkelte ikkje held seg til at det enkle ofte er det beste!

godt med ein liten luftetur etter ein lang dag på jobben;)

15.2.07

supertante!!

best å ha det skriftleg slik at bror og svigerinne kan arrestere meg og
vise til dette skrivet om eg ikkje skulle innfri!



Eg har sett meg som mål å bli supertante. Tante vert eg uansett, om alt går bra (bank i bordet), til sommaren, den biten har ekteparet tatt seg av. Superbiten må eg stå for sjølv, men ser føre meg at det skal gå heilt fint, sidan eg er slik ein superperson!


Eg gler meg stort til å setje i gang med supertante oppgåva
Og gratulere så mykje til dei vordande!

14.2.07

kva i alle dagar skal eg med ein gris?

Tenkte eg då eg opna eposten min. "versågod! Du har fått en kjælegris til valentinsdagen" ! Eg hoppa nesten i stolen, i alle dagar, ein gris i hus - grisehus - det vert det fort nok på mitt rom med berre meg der. Tenk korleis det hadde blitt sjåandes ut med ein gris i tillegg. Nei veit du kva, denne gåva var ikkje så tøff.

Heldigvis slepp eg å gå på post i butikk og hente grisen min! Den er sendt til nokre folk i sør-aust Asia. Eg kryssar fingrane for at SvineBene får betrakteleg mykje betre vilkår som sparegris hos ein fattig familie i asia, enn ho nokon gong hadde kome til å fått det på hotell karamell. Her er vi nemleg mest interessert i gris som tilbehør til egget på søndagsmorgonen!

8.2.07

Gjer noko lurt!!

Om du klikkar deg inn HER og reserverere deg mot å få telefonkatalogen tilsendt i posten kan du gå helga i møte med verdas beste samvit!

Vil du vite litt meir om bakgrunnen for denne lure ideen kan du lese det i aftenposten.

(og snart må eg byrje å bruke store bokstavar der det høyrer heime)

Ny rekord i bergen!

Det har no vore 3 heile dagar utan regn/snø/sludd/hagl i bergen. Sola har synt seg på ein himmel som har vore ganske så blå! Dette må vere ny rekord! Det er i alle fall superkjekke observasjonar å gjere seg!


I slikt eit fint veir, sit eg inne og jobbar. Etter at mørkret endeleg legg seg som ei klam hand over byen, pakkar eg med meg ski, stavar, bror og svigerinne og stikk opp på Fløien for litt trim!

Det var heilt fantastisk å vite at eg var ca 20 minutt frå tjukkaste sentrum i bergen - og likevel langt inni skauen med ski på beina. Slike opplevingar vil eg ha fleire av, så det er berre å stå på sitt, du sol og trumfe gjennom at du skal skine nokre dagar til (la i alle fall ikkje det forbaska regnet få viljen sin igjen)!

4.2.07

skal seie det vert jobba hardt for tida!

det vert pussa og målt og tapetesering og golvlegging vert utført over ein låg sko. Eg trudde januar var månaden for å hente seg inn att etter ein hektisk desember, men den gang ei. Ikkje berre har vi fått nytt kjøkengolv på hotell karamell den seinare tida. Han broremann og hans fru har fått seg flunkandes nytt kjøken, stovegolv og bad.


Eva og Christian orka ikkje pusse opp, så dei kjøpte seg like godt eit nytt hus, som berre trengte litt maling histen og pisten. Ikeamøbelementet måtte sjølvsagt på plass, det tar mor og far seg av, medan frida olette kvalitetssikrar handtaka på vindauge - dei smakte godt og kom i frå kontrollen med godkjent stempel!


På sjølvaste hotellet måtte kjøkenavdelinga få seg eit nytt golv etter ei aldri så lita vasslekasje. På eit tidspunkt såg golvet vårt ut som ei berg og dalbane. Heldigvis skreiv ikkje vatnet seg frå verken gjestar eller besetning. Varmtvassrøyret hadde bore vatn lenge nok og bestemte seg for å markere det med ein sprekk. For sikkerhetsskuld var sprekken på ein stad på røret som låg litt godt ned i betonggolvet. Det noko upraktiske/bra opp i heile "leite etter vatn episoden" var at det vart oppdaga lekasje i avløpsrøyret på kjøkenet. Ulempa var at den lekasja vart oppdaga før sprekken i røyret, noko som førte til at då golvet nesten hadde tørka ein laurdag og alt skulle vere klart for parkettlegging på måndag, var det plaskandes vått sundagsmorgonen. Måndag og tirsdag gjekk med til den nye leiterunden som vart sett i gang. Tirsdag vart sprekken endeleg oppdaga. Ny tørketid - og endå fleire dagar med eit noko alternativt kjøken. Kjøleskåp, komfyr og micro i staua, oppvask for hand og diverse parkett og verktyg slengt litt rundtomkring. Det er som dei seier, den som ventar på noko godt.... torsdag kunne vi endeleg gå over eit nytt og fint golv, lage mat der mat skal lagast, hente ting i kjøleskåpet på kjøkenet og setje kjørella i oppvaskmaskina!! Eg skal på ingen måte seie at vi har fått eit godt golv å gå på, då det er bølgete, gjev etter og har nokre kraftige skøytekantar mot gamal parkett - men, det er i alle fall ikkje betong!!!

1.2.07

frå rena til lillehammer

på under 8 timar er målet. Kor realistisk det er, er ei heilt anna sak. No er eg i alle fall litt meir i siget enn eg har vore på lang lang tid. 2 turar på ski og 2 økter i treningsstudio er ein god start, kanskje litt i seinaste laget - men no er eg i alle fall i gang!

27.1.07

hadepåbadedingamlesjokolade











God tur til bryne city!

24.1.07

sånne som oss?

ingis: litt lenger bak
bene: slik? smile smile
mobil: klikk
ingis: det blei bra! ser ut som om det faktisk berre er plass til deg i denne gata her!
bene: få sjå....hahaha
dama med bikkja: jaa... skal dokker flytte dokker snart????
bene og ingis: ?
dama med bikkja: ja!! eg skal inn her!!!
bene: beklagar
dama med bikkja: åhhh beklager, åhh beklager
bene og ingis: hahaha ho var ikkje blid
dama med bikkja: ja når man bor i samme byen som sånne som dokkar er det ikkje rart at en blir uhøflig.

Småleande gjekk eg og ingis vidare på tur i vinterkledde bergensgater! Ein tanke var det likevel ikkje så lett å riste av seg: Kven er sånne som oss? Blir folk sur og uhøflig av å bu i same by som meg og Ingis? Er det turgåarar folk blir uhøflege av? Kanskje jenter? Eventuellt studentar og folk som er i arbeid? Folk som tar bilete? Personar som står i ro i gatene? Individ som ikkje ved å kaste eit blikk på ein tilfeldig forbipasserande veit kvar vedkomande bur og skal?

Eg er i alle fall glad for at eg bur i same by som sinte bikkjedamer, som kan gjere ein heilt vanleg tirsdag til ein dag ein huskar i lang tid framover!

18.1.07

å handle på ikea tar tid!

I går hadde dei eit knallgodt tilbod på Ikea. Ein sofa som tidlegare var prisa til nær 5000 norske blanke kroner, skulle dei no berre ha 1000 kroner for. Då hotell karamell kun har 2-setarar i staueavdelinga, tenkte eg at ein billeg 3-setar kunne vore kjekt å få i hus.

Eg allierte meg med Gry, og fekk ho med som potensiell bærehjelp. Denne hjelpa, skulle det syne seg, fekk eg lite bruk for. Ikea opnar kl 10:00, då eg stod oppe i sofaavdelinga kl 10:22 var det ikkje ein einaste sofa att til meg. Folk hadde vistnok stått i kø sidan kl 08:00 for å sikre seg den billege 3-setaren!!!! Tanken som slo meg då var at eg slett ikkje er ein erfaren salskunde på ikea. Kven står i kø i 2 timar for ein sofa? Ein sofa frå ikea? Alle veit jo kva som foregår i dei sofaane. Der sit jo far og bankar mor......


Men det er, som andre har sagt før meg, ingen grunn til å grine over spillt melk. Vi var jo trass alt på ikea ein morgon - noko som sjølvsagt innebær at ein må ete frukost! Etter frukost vart det ein laaaaang runde i butikken. Lang, men særs billeg. Hadde ikkje noko spesielt eg skulle handle - utanom den sofaen som dei som kom kl 0800 fekk kjøpe - og var veldig flink til å begrense innkjøp av dilleting. Som seg hør og bør vart det pølse og brus etter endt økt. Praten under nok eit kulinarisk måltid mat førte oss til ideen om å reise på bohus - kanskje dei hadde ein billeg sofa der?

På Bohus var det ikkje nett nokon sofa som lyste mot meg og sa ta meg med heim. Dermed måtte vi på Living for å sjå om dei hadde ein sofa med namnet mitt på. Vi fann ikkje sofa der heller. Men, vi fann, vi fann! Kva vi fann? Massasjestolar!!!!!
Skal seie det var avslappande å handle på Living. Det var i alle fall veldig avslappande å prøve ut massasjestolane! Det måtte vi gjere i nesten 1 time! Etter den salige stunda med testing av stolar, til den nette sum av kring 20 000 kr pr.stk var kroppane ikkje spesielt gira. Så resten av handleturen på living føregjekk i særs moderat tempo.

Mellom Åsane og Bergen ligg Lidl så gunstig plassert. På lidl har dei spanande billegmat frå sjølvaste Tyskland. Eg synst personleg at mat frå andre land er spanande - det vere seg billeg eller ikkje. ting kan tyde på at andre som handlar hos Lidl ikkje tykkjer det, då dei har markert nesten annakvart produkt med "norskprodusert". Kva i alle dagar er poenget med det? Er det så himla nøye kva land si jord potetene ein kjøper på Lidl kjem frå? Må suppene vere frå indre arna? Eg trudde at poenget med Lidl var at dei hadde tyske varer av typen billege, som dei skulle selge billeg i Noregs land og rike....jaja vi er vel nokre gode nissar med store skylappar her oppe i nord.

Om dei bomma litt på konseptet med maten, har dei i alle fall fått inn ein fulltreffar mtp storleiken på handlevognene. Ikkje har dei korger og vognene er store nok til å kunne romme mat for meg i eit år. Enkel som eg er, handla eg sjølvsagt over evne - ser jo så lite ut det som ligg i botnen av vogna.

Eg pakka glad og nøgd ut varene i heimen kl 17! Å handle på ikea tar tid!

15.1.07

mange slags rekordar

Eg finn det ganske så artig at det alltid er veldig viktig å presisere storleik, lengde, djubde etc på ting og tang. Denne kategoriseringa fører til rekordar i hytt og pine. For tida held vi td på å sette nedbørsrekord på vestlandet. Den lokale rekorden fall for fleirfaldege dagar sidan - så no går vi for den najsonale - akuratt som om ein kan gjere noko frå eller til mtp denne rekorden. Regnar det så regnar det - kunne vi endra på nett det, hadde vi sikkert ikkje sett regn i Bergen frå no og minst eit år fram i tid. Eg trur ikkje folk hadde vorte lei seg av den grunn, sjølv om vi ikkje hadde sett nokon rekord.
"helledussen så kjekt, no har vi
snart ein ny rekord i lomma"

I sogn og fjordane finnst det og nokre rekordar; Noregs vestlegaste by, Noregs lengste fjord, Noregs og sikkert nord-Europa sitt djupaste vatn, den største breen i landet... ja eg kunne sikkert ramsa opp veldig mange fleire av denne slags rekordar frå sogn og fjordane. I følgje folk frå Rogaland, freister det fylket å legge seg inn som ein god nummer to i ulike samanhangar som til dømes Noregs andre største kjøpesenter. Hordaland finn ein og på lista over rekordinnehavar; Noreg sin nest største by, Noreg sin lengste/største frittfallande/hengande foss, snart nasjonal nedbørsrekord og ikkje minst: Noreg si største innlandsøy!
Når ein har Noreg si største innlandsøy lett tilgjengeleg fortener det verkeleg ein aldri så liten søndagstur. Eg og ingis pakka oss i bilen i går og hadde ei fin oppleving på vegen. Grunna årstida vi er inne i no, vart det litt dårleg med lys på turen, då vi ikkje kom oss avgarde før i fire-tida. Det vart til dømes noko vanskeleg å finne innkøyrsla til Ole Bull sitt hus og å lokalisere informasjonsskiltet for Valestrand. Utover litt feilkøyring og meirkøyring histen og pisten så hadde vi ein finfin tur. Skal bli spanande å ta turen i dagslys for å sjå korleis det eigentleg ser ut i Valestrand. Forøvrig så er Osterøy eit feiandes flott mål for ekspedisjonar. Dei har garverimuseum, lange tradisjonar for rosemåling og ei ferje som går til Breistein.

På vegen køyrde vi forbi til ei aldri så lita bilulykke. Å sjå ein bil ligge feil veg i grøfta fører til at 2 tankerekker går gjennom mitt hovud. 1 eg er kjempeglad for at det ikkje er eg som anten sit fast i eller kryp ut av ein slik bil og 2 kanskje eg skal roe tempoet litt. Takk og lov for at det har gått bra så langt i mi sjåførkarriere. (Bank i bordet
og salt over skulderen)

10.1.07

Nye skot på stammen

På hotell karamell tar vi oss av og til nokre turar ut på Plantasjen. Avgjerande for om vi tar turen er 2 ting. 1 at det er sal på grøne planter og 2 at blomane som allereie finnst i heimen har rotna på rot. At det stort sett kontinuerleg er sal på Plantasjen er bra, for blomane våre rotnar på rot kun kort tid etter at dei har kome seg i hus.

Med nytt år, kjem gjerne behovet for å fornye seg, og dermed fann vi ut at vi skulle fornye oss litt på blomefronten og. Litt greitt å ha noko anna enn fredsliljer i heimen. Skal seie vi fann nokre artige saker på førre handletur. Ein blome som heng, ein som er skikkeleg mjuk og god om ein stryk den i oppadgåande retning på undersida av blada, ei fredslilje - sjølvsagt, ein høg grøn sak, og ein ananasblome! Jepp, du las rett - vi har investert i ein aldri så liten blome som gjev oss ananas! Greitt nok at det kan ta litt tid før vi kan hauste og ete, men den pynter no fint opp der den står!

Sidan jul og nyttår ofte representerer død og fordervelse for våre søte små fiskar betyr januar fiskehandel. Lille Zelma har jo som tidlegare nemnt, forlate denne vera til fordel for dei evige osean og dermed vart det ein plass ledig i akvariet. Denne plassen vart tildelt Goliat. På måndag kunne to stolte bufeller trygt plassere han i sin nye heim. Dei to eksisterande små venene våre var ikkje ubetinga begeistra, og har faktisk ikkje enno synt noko form for interesse for sin nye ven. Men, som det stadig syner seg, integrering tar tid og skjer slett ikkje over natta så eg går ut frå at haruki murakami og boutrus boutrus-ghali blir vener med goliat i det lange løp.

9.1.07

januar er full av uvanlege dagar!

I dag har kjære Ingis bursdag!
Skal prøve å vere snill og grei med deg heile dagen!
Grattis!

6.1.07

i dag er det i alle fall ikkje ein vanleg dag!

i dag er det min dag!

"Å feire fødselsdag er sunt. Statistikken viser at de som feirer flest fødselsdager, også er de som lever lengst." larry lorenzoni

Ver velkomen til feiring av meg og ingis kl 20 på hotell karamell!

31.12.06

var året 2006 bratt?

Ettersom eg surfar ein del, kjem eg over eit og anna på andre sine sider, som eg frekt og freidig stel. Følgande spørsmål er saksa og limt for harde livet, men svara er no mine!

Året 2006

1. Hva gjorde du i 2006 som du aldri har gjort før?
I 2006 var eg td i bryllaup til lillebror min, det har eg aldri gjort før. Går for så vidt ut frå at eg aldri gjer det igjen heller.
Eg gjekk birkebeinaren, har aldri gjort det før men er redd for at eg kjem til å gjenta nett den slitsame affæren.
2. Holdt du nyttårsforesettene dine. Og vil du lage nye?
Eg er ingen stor fan av nyttårsforsett og hadde ingen for 2006. For 2007 håper eg at eg oppnår "bonusar" - opplevingar som brenner seg fast som utprega positive og som gjerne kjem noko uventa. Eg hadde ein del av dei i 2006!
3. Ble noen som står deg nær mor eller far?
I år har det kome til to nye verdsborgarar i min omgangskrets. Frida Olette og likkjebanet til Åshild og Jo Even.
4. Døde noen som sto deg nær?
Nei, og takk og lov for nett det!
5. Hvilke land har du besøkt det siste året?
Haha, 2006 har vore eit dårleg reiseår, har besøkt england og autsland(et)!
6. Hva ønsker du deg neste år som du har savnet?
Ei utdanning og ein jobb! (god karakter og høg løn er ein føresetnad)

7. Hvilke datoer i 2006 vil du aldri glemme, og hvorfor?
hmmm har ikkje allverda til husk, og har no gløymt både datoar og grunngjeving
8. Hva er det største du har oppnådd i år?
Eg gjekk birkebeinaren på godt over ein arbeidsdag! Det var stort, sjølv om det gjekk seint.

9. Hva var din største nedtur?
At eg gjekk glipp av opp til fleire episodar av Sopranons

10. Har du vært syk eller skadet?
Har hatt skikkeleg vondt i viljen, har belastningskade i vondten og ein aldri så liten aktivitetsallergi

11. Hva var ditt beste kjøp?
Eg og gode kjøp passar like godt saman som fot i hanske eller hand i hose.

12. Hvem fortjener din hyllest for oppførselen sin?
kan vere på sin plass å hylle kofi annan. Han har gjort ein god jobb i FN og takkar no av.
13. Hvem sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
usa og george bush
14. Hva gikk mesteparten av pengene dine til?
Hus og seriøs store mengder mat
15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
16. Hvilken sang [artist] vil alltid minne deg om 2006?
17. Sammenlignet med denne tiden i fjor, er du …
a. Gladere eller mer nedstemt?
b.Tynnere eller tykkere?
c. Rikere eller fattigere?
Eg er gladare, tynnare og rikare.
Herregud så deilig det var å skrive nett dette!
18. Hva skulle du ønske du gjorde enda mer av?
utforska nye ting, besøke fleire vener, reise på tur til andre land enn austlandet
19. Hva skulle du ønske du gjorde mindre av?

syte og klage
20. Hvordan vil du tilbringe julen?
Jula vart feira tradisjonen tru, heime hjå mor og far med resten av familien samla. Sur sang, men stø gang rundt juletreet etter ein særdeles nydeleg middag.
Har jobba mykje og sosialisert meg lite denne jula. Det må det gjerast noko med til neste år

21. Ble du forelsket i 2006?
Synd og skam, men vart ikkje det
22. Hvor mange one-night stands hadde du?
nei veit du kva, den slags skriv eg verkeleg ikkje her.
Det finnes da en grense.
23. Hva var ditt favorittprogram på TV?
Sopranos
24. Hater du noen nå som du ikke hatet på denne tiden i fjor?
Trur ikkje eg spring rundt å hatar folk, men eg mislikar kanskje elprice litt for ikkje å levere fryseboksen min.
25. Hvilken bok er den beste du har lest i år?
Extremely Loud and Incredibly Close
26. Hva var årets beste musikalske oppdagelse?
lily allen
27. Hva ønsket du deg – og fikk?
laks - fekk 5!!! og så fekk eg flugestang, så til sommaren skal eg stå i ei elv og kose meg med mygg og makk!
28. Hva ønsket du deg – og ikke fikk?
Kvit jul
29. Hva var årets beste film?
Casino Royale på underhaldningsfronten og "god grew tired of us" på dokumentarsida
30. Hva gjorde du på bursdagen din?
feira inn i dei seine nattetimar. Og det skal eg gjere i år og! Er ope hus på HOTELL KARAMELL på første laurdag i det nye året. Berre å ta turen om du er i nærleiken!
31. Hvilken enkeltting/-person har gjort året mye mer tilfredsstillende?
fryseboksen min
32. Hvordan vil du beskrive klesstilen din?
hettegensar og dongeri.
33. Hva har holdt deg i mental balanse?
kven seier at eg er mentalt balansert?
34. Hvilken kjendis likte du best?
uff, desse kjendisane. kan ikkje nett kome på nokon i farta.
35. Hva i politikken har opprørt deg mest?
det der jækla frp hysteriet.
36. Hvem savner du?
Venene mine som bur austafø!
37. Hvem var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
det er så mange bra folk der ute!
38. Fortell en viktig livsvisdom du har lært i år?
gooood tid, alt ordnar seg til slutt!
39. En sangtekst som oppsummerer året …
never ending story(paper)

Med denne oppsummeringa vil eg takke for 2006 og ønske 2007 velkomen. 2007 er bonusåret, så dette skal bli bra!

30.12.06

sorg og sakn

Nett no tikka det inn melding om at lille søte zelma har forlete hotell karamell til fordel for dei evige osean.

Lukke på ferda!

god jul!



No er eg seriøst på etterskot når det kjem til å sende julehelsing, men betre seint enn aldri er det vel noko som heiter.


Eg håper at alle har hatt ei finfin julefeiring, med alvorleg store mengder god mat og mykje godt selskap. Det har i alle fall eg!




Gratulere så mykje til Åshild og Jo Even som fekk ei lita jente i går kveld!






15.12.06

eg ser deg djupt inn i kvitauga

og eg likar det eg ser

Minst ein gong i året må eg ha deg.
nett slik du er
med øyra på stilk og tenna i uorden
Eg likar deg, kjære!

Frå første gong har eg hatt lyst på meir,
meir av din smak!

3. søndag i advent er skjeltesøndag - så det er berre å hive innpå folkens!

13.12.06

Svart er både dagen og natta...

Svart senker natten seg i stall og stuer.
Solen har gått sin vei. Skyggene truer.

Inn i vårt mørke hus stiger med tente lys.

"Mørket skal flykte snart fra jordens daler."
Slik hun et underfullt ord til oss taler.
Dagen skal atter ny stige av røde sky

I dag er det berre 8 dagar til sola snur!
Er ikkje det ein fin ting å tenke på?

12.12.06

Kva er det eigentleg som plagar folk?

Kva som får to gutekvalpar til å dytte folk overende, true og stikke av med lommebok og telefon kan eg berre ikkje forstå. Ikkje at eg gidd å bruke særleg mykje energi på å freiste å forstå slike folk heller.

Om enkelte er så veldig interessert i andre sine eigedelar, kan dei ikkje berre spørre då? Kvar har det blitt av den gode gamle "Henda i veiret, penga eller livet"? Hadde eg fått det spørsmålet retta mot meg, hadde eg sporenstreks løfta henda, gjeve dei pengane og gått derifrå med visshet om at det var lurt å velge livet! Tjuvraddane skulle fått mobiltelefon og andre ting og dei måtte ha av interesse. Dei kom i det minste med eit forslag og eg hadde eit val for korleis eg ville agere på det. Eg trur ikkje at eg hadde blitt så veldig glad for å fått ei slik problemstilling i fanget, men så lenge ingen legg hand på meg og tvingar meg i kne, kan eg synse om at eg ville langt på veg føretrekke ein slik situasjon framom det
andre har vorte utsett for i det siste.

Folk er galne og det ser ikkje ut som om det vil endre seg med det første.
og det er eigentleg ganske trist