17.7.07

Ein ny verdsborgar

Endeleg er ventetida over, både for Svigerinna, lillebroren, lille dronninga og heile resten av familien! På laurdag smatt det ut ei fin lita jente. Lang og tynn og litt av ein hjarteknusar. Eg er kjempeglad på den lille familien sine vegner. Sidan eg allereie har lovt å vere supertante, så er det no å skride til verket. Har heldigvis litt tid å kome inn i rolla på, sidan det i tida som kjem sikkert kjem til å gå mykje i soving og eting og den slags. Får nyte den tida no og heller mentalt førebu meg på at eg må halde tritt med eit lite hyperaktivt tantebarn om eit års tid;)


1.7.07

å daue som fluger

Det er yndlingshobbyen til fiskane på hotell karamell for tida. Etter at bbg forlot oss så brått ein morgon, måtte tomrommet fyllast. Ein søt fisk forma som ein golfball vart kjøpt og innstallert i sin nye heim. Dette var onsdag. Fredag daua den..... fekk ikkje tid til å gje den namn ein gong, den tullete fisken.

Den 28/06 var det haruki murakami sin tur til å vandre heden. Herregud for ein gjeng ubruklege fiskar vi har.

No er det berre Goliat att i bollen. Han er ein fin blå kampfisk. Kanskje det er han som får fiskane til å oppføre seg som fluger?

29.6.07

kor mange mygg er det mogleg å ha i nasa?

Alvorleg mange!!!

Men det gjer ingenting når dette er løn for strevet:

30.5.07

aiaiai - livet er skjørt

Nok ein gong har eg skylt ein liten ven ned i dass. Boutrus Boutrus-Ghali låg på botnen i dag tidleg. Noko som minte meg på at eg gløymte å mate fiskane i går. Boutrusen var ein fin liten fisk som ikkje er meir.

25.5.07

Fiskesesongen som brått var over

Eg byrja årets fiskesesong relativt tidleg med tre kjappe turar. Flugestanga som har stått heime sidan eg fekk den til jul vart henta og eg var verkeleg klar for litt seriøst fiske. Etter å ha stått ei heil helg på verandaen og fiska over rekkverket var eg klar som eit egg for å innta både sjø og vatn i Bergensområdet. Dette var i byrjinga av mai. Eg har enno ikkje kjøpt ei einaste fluge.

Nokon som vil vere med på fisketur i helga?

20.5.07

hurra hurra hurra












16.5.07

Er barna i Norge svarte?

Til Oddbjørn Jonstad, Kolbotn!

Om debattinnlegget ditt i BT 16/05-07 vil eg seie som far min seier når ting verkeleg er gale:
Det e pina so gale at det gaula!
Eit uttykk du heilt sikkert kjenner til, då eg til min store skrekk oppdaga at du er frå Naustdal - nabobygda til han far.

Etter å ha lese innlegget ditt kjenner eg meg tygd og spytta ut att. Eg er kanskje ein del av pakket du skriv om, då eg står noko til venstre i det politiske landskapet, men eg vil tru at dei fleste som står til høgre for meg kjem krypande over til venstresida i nett denne saka.

Eg vil gjere merksam på at overskrifta mi her er den du nytta i ditt debattinnlegg. Vidare i innlegget skriv du
(hadde tenkt å referere nokre deler, men kliner inn heile driten slik at mine to lesarar kan få med seg heile samanhengen)

"Når man leser norske aviser eller ser på norsk TV, skulle man tro at 90 prosent av de norske barna er svarte - eller i det minste fargede. I alle reportasjer fra barnehager og skoler er det et overveldende flertall av innvandrerbarn som vises på bildene. Kan dette skyldes at de fleste journalister og pressefotografer er ekstremt venstrevridde - og at det dermed ikke er folkeopplysning de bedriver, men at de prøver å få frem sine egne, personlige synspunkter. Dette til tross for at avisene får millionbeløp i pressestøtte for nettopp å fremstille virkeligheten så sann og objektiv som mulig. Bedre blir det ikke når vi får reportasjer fra 17.mai-togene og tilhørende festligheter. Hvorfor må man på en slik dag på liv og død legge størst vekt på det unorske og fremmede? Så lenge denne dagen er genuint norsk og flertallet av de innbyggerne er etnisk norske - så lenge det varer, burde vel dette gjenspeile seg i reportasjene og bildene. Utlendinger som ser på 17.mai-arrangementene på norsk TV eller bilder i norske aviser, må da få et fullstendig galt inntrykk av sammensetningen av befolkningen i Norge. Når man nå også skal begynne å bruke sameflagget i 17.mai-toget, er det ikke bare språklig og kulturelt landet er kaotisk, men også etnisk, geografisk og nasjonalt. Er det ikke snart på tide å få stilt dem som er ansvarlig for de flerkulturelle og flernasjonale tilstandene her i landet foran en domstol?"

Kvar skal eg byrje? Google.com er alltid greitt å ty til når ein er litt nyfiken på folk og fe. På den søkesida fekk eg opp litt ymse infomasjon om deg Oddbjørn, td så er du omtalt på monitor. Eit og anna medieoppslag har du og skaffa deg. Det er nokre år sidan du var i rampelyset, i følge google, spør du meg er det like greitt.

Ei side av demokratiet, som eg heier på, er at folk med meiningar som deg har like stor rett til å uttale seg, som alle andre. Når det kjem til deg, er eg nesten freista til å seie at dette er ei ulempe ved demokratiet. Hadde du berre visst kor mykje energi eg i dag har brukt på å vere irritert på deg. Eg klarar ikkje å sjå kva som er problemet med at Noreg har vorte fleirkulurelt og at samane har sitt eige flagg. Du presenterer heller ikkje argument i innlegget ditt som synleggjer kvifor problema du nemner verkeleg er problem.

Du kjem i det store og heile med veldig få argument i innlegget. Det er eit problem for deg at invandrarborn er representert på tv og i aviser, venstrevridde journalistar er eit onde, tv sendingar og reportasjer frå 17.mai syner ikkje berre etniske nordmenn, utlendingar (som ser på norsk tv/les norske aviser 17.mai) kan kome til å tru at det bur fleire menneseker med ein annan utsjånad enn etnisk norsk i Noreg, landet vert kaotisk om samane vel å heise flagget sitt og du vil på toppen av det heile stille folk for domtstolen for at innbyggjarmassen i dette landet er sett saman av folk frå ulike kulturar og nasjonar

KVIFOR?

Kvifor er det eit problem at små born med foreldre frå Somalia får snakke med journalisten når barnehagen er i søkelyset? Kvifor skal ikkje ein tenåring frå Pakistan vere den som representerer klassen utad i lokalavisa? Kva grunnlag har du for å anklage ei heil yrkesgruppe for å vere subjektive på bakgrunn av at det er innvandrarar i mediebilete? Kva er problemet med at ein svenske ser ein indar i ei 17.mai reportasje? Kvifor vert landet språkleg, kulturelt, etniks, geografisk og nasjonalt kaotisk av di ein same viftar med sameflagget på nasjonaldagen? Kven skal anmeldast og førast for retten av di Noreg med naud og neppe heng med i tida og består av mennesker med ulik kulturell bakgrunn og ulik etnisk opphav?

Presenter argumenta dine! At du konstanterer at ditt verdssyn er som dette, seier det likevel ingenting om korleis røyndomen ute i Noregs land verkeleg er!

Skjerp deg Oddbjørn!

Forbanna helsing

bene

10.5.07

Undo

biletet er stjelt frå LGV nr 3 07 s 54. Det er Karstein Volle som ha laga det

8.5.07

Gamle heltar og ny kritikk

Vibeke Løkkeberg er politimeld står det å lese i dagens aviser. Kva i alle dagar tenkjer eg, er det ikkje litt seint å anmelde ho for spesielt rare filmar no, så mange år etter hennar siste film kom ut. Er det no seinskadene syner seg hos dei som den gong såg filmane hennar? For å få svar må eg lese innlegget - og etter at det er gjort sit eg att med litt mindre respekt for dei som kjempa for landet under 2.verdskrigen.

Løkkeberg er meld til politiet av di ho hevdar at ein del folk i Milorg kjende til at det skulle utførast eit bombeåtak på laksevåg (mot ein tysk u-båtbase) ein gitt dag, og at dei sende vekk ungane sine slik at dei ikkje skulle verte råka. Lurt av dei å gjere det - men utruleg dumt å la andre sine born vere att. Ærekrenkjande å hevde slike ting, meinar ein gamal Milorg mann.

Kva som faktisk hendte i september/oktober dagane `44 i Bergen er ikkje opp til meg å seie noko som helst om. Ein gamal Milorg mann har sikkert litt innsyn i kva som fann stad. Vibeke Løkkeberg har tydlegvis snakka med nokon som og har litt innsyn i kva som fann stad.

Det er nokre år sidan krigen no. I lang tid har enkelte sider av historia vorte undertrykt, eller gøymt vekk, til fordel for historier om heltar og skurkar. Dei som valde rett og dei som valde feil. Heltane har vi hylla og feira, som seg hør og bør, men det kan vere at ein del episodar har vorte feia under teppe. Eg ser føre meg at medan ein krig pågår vil alle partar gjere ting som i etterkant ikkje vil framstå som spesielt heltemodige. Dei som, etter utfallet av krigen er klart, valde rett side, får den fordelen at deivert hylla for sin innsats. Nasjonen vil høyre om heltane, historiene der dei gode gjorde det rette - og kjem det fram episodar der uheldig ting vart gjort, kan dette forklårast med at dei meinte at det var rett i det lange løp, dei var i ein pressa situasjon, det var trass alt krig!

I krig og kjærleik er det meste lov - i krig må ein heil del ting vere lov, handlingar ein normalt tek avstand frå. Men, det må og vere lov å ytre seg kritisk til ein del avgjerdsler etc tatt under ein krig. Skal vi stille som øysters berre akseptere USA sine krigsherjingar rundt om krig i verda? Kritikk er viktig, og ikkje berre den som er retta mot andre land. Det må vere lov å rette blikket mot Noreg og dei krigsgjernigar som har funne stad her. At ein er tidlegare medlem av Milorg gjev ein ikkje automatisk tyngde når det kjem til kva som er sanninga eller ikkje.

Tidlegare medlemmar av Milorg skal ha tusen takk for kampen dei kjempa for oss - men vi kan ikkje i nasegrus beundring akseptere at dei anmelder folk som er kritiske og som hevdar at saka har fleire sider. Ved å anmelde Løkkeberg undergrev Milorgheltane sjølve den fridomen dei så tappert kjempa for.

Eg håper verkeleg at anmedinga vert avvist - uansett om det Løkkeberg hevdar er sant eller ikkje, har ho i alle fall lov til å ytre det som si meinig.

26.4.07

Frukost på Hotellet!

Som seg hør og bør vert det frukost på hotell karamell 17.mai!

Dagen startar med flaggheising, salutt og tog gjennom byn kring kl 7. Frukosten tek til på eit myke meir humant tidspunkt! Klokka elleve kan den som vil kome på frukostvisitas hos oss!

Vil du vere med hadde det vore kjekt om du slengte inn eit ja i kommentarfeltet evt registrerar det på facebook (kjem ikkje utanom den i desse dagar) eventet "frukost". Av praktiske grunnar må vi nemleg be om at gjestane tek med seg ein flik brød, litt laks, noko egg etc.


Vi ere en nation vi med,

vi smaa en alen lange,

et fædreland vi frydes ved;

og vi, vi ere mange.

23.4.07

ENDELEG!!!

Endeleg har det kome 3-setar på plass på hotell karamell! Lukka ligg i tjukke lag over lokalet. Alle hjarter gler seg og sender tusen takkehelsingar til godaste Brynhild som kjøpte seg ny sofa og som lot hotellet arve hennar gamle! Eg har no sete/lagt i sofaen nokre timar - og den får absolutt godkjend stempel!

Takke takk snille Brynhild!


Skarverennet

På laurdag gjekk eg og han lillebror Skarverennet. Eg gjekk rennet for første gang, og kan ikkje seie anna enn at det var heilt fantastisk! Skulle du som les dette ikkje på nokon måte sjå at det kan vere fantastisk å betale 1000 kroner for å ta tog kl 06:15, sitte i ein kupé utan varme i over to timar, gå 38 km i kø på ski for så å ta toget heimatt, så kan eg godt fostå deg. Likevel vil eg insistere på at det var heilt fantastisk! Sola skein, fullklaff på smurningsfronten, godt selskap, kakao og sjokolade -oppskrift på ein glimrande dag spør du meg!







Denne dagen kunne det med 100% sikkerhet seiast at alle var eininge om at det hadde vore ein finfin tur!

13.4.07

Skal det verkeleg vere mogleg?

Skal det verkeleg i 2007 gå an å bli banka opp midt på natta i ei tilfeldig gate i Oslo?Ok, eg veit at det er fullt mogleg å verte utsett for blind vald, vald som ikkje er fullt så blind, og å bli banka opp av di ein sjølv har provosert eller prøvd å banke feil folk. Men å verte banka opp av di ein hevdar at ein religion sitt kvinnesyn bør revurderast?? Eg merkar at eg vert provosert langt inn i sjela.

Eg drit verkeleg i kva land folk er født i. Fargen pigmenta i huda deira produserer er fullstendig irrelevant. Om dei er religiøse fanatikarar eller trur pittelitt er meg revnande likegyldig, og kva dialekt eller språk folk snakkar vedkjem stort sett berre dei sjølve - men ein ting som får meg til å engasjere meg i folk, er når dei byrjar å banke andre mennesker av di desse andre offentleg uttrykker meiningar og synspunkt dei sjølve ikkje har. Ein knyttneve er då verkeleg ikkje eit argument i ein debatt! Når enkelte tar, for nokon eit viktig tema og ein naudsynt diskusjon ned på eit så latterleg useriøst nivå, får eg lyst å bli latterleg og useriøs sjølv (utan å ty til vald, vel og merke). Eg har berre orda mine og kan med dei ønske desse tomskallane av nokre idiotar langt ut på Hardangervidda ein mørk og stormfull februardag! All min eder og galle burde denne type folk svømt rundt i, til evig tid!

Kven Kadra er og kva ho tidlegare har gjort med og utan skjult kamera kan sikkert diskuterast, men eg vil ikkje leve i eit samfunn der folk får bank for å ha feil meiningar. Eg vil ikkje leve i eit samfunn som lar tolkingar av ord styre ein kvardag desse orda aldri var meint for. Om det er mobben i gata som skal få bestemme, kven er då nestemann ut? Kven må sjå seg ekstra nøye over skuldra på veg heim? Presten som er kvinneleg? Guten som sit og tissar? Kvinna med raude strømpar? Det homofile paret? Dama som varslar om ulevelege forhold ved ein arbeidsplass? Mannen som meinar at søskenbarn ikkje bør gifte seg med kvarandre? Jenta som er mot EU? Eg fordi eg ytrar meg?

Søren heller, eg vil berre ikkje ha det slik!

Håper folk har vit til å sjå at denne episoden faktisk er meir enn nok eit tilfelle av vald i Oslo sine gater. Dette dreier seg om kven som kan setje dagsorden og på kva måte det skal skje på: Her har det vorte gjort tydeleg, på verst tenkelege måte, at koranen sitt kvinnesyn slett ikkje skal diskuterast, og at Kadra i alle fall ikkje skal uttale seg i saka. Dette kan ikkje gå upåakta hen. Kadra har rett til å uttale seg, ho har rett til å freiste å setje dagsorden. Eg vil kunne uttale meg og setje dagsorden og eg vil at DU og skal kunne gjere det. Som F. Voltaire ein gong i tida sa:

Eg er ueinig i meiningane dine, men eg vil inntil døden forsvare retten din til å ytre dei!

1.4.07

Du og du så treg eg er

Det er litt trist når ein tar seg sjølv i å vente på at det skal dukke opp eit nytt innlegg i sin eigen blogg. Kva var det eg såg føre meg? At ein eller anna skulle skrive noko på mine vegne og slenge ut? At nettet plutseleg har vorte magisk, noko eg har venta på sidan eg las Norsk Barneblad i barndomen og det der vart skildra kor fantastisk alt skulle vere på 2000-talet; robotar i alle heimar, flygande bilar, knappar som flytta ein dit ein ville på null komma svisj. Hadde verdsveven vore eit utbreidd fenomen på den tida, hadde vi sikkert fabulert om at vi i framtida kunne tenke nokre tankar tenke "send" og så låg dei der - ferdig publisert. Så sit eg her no, i 2007 og lurer på kvifor det meste er som det var. Kjennest nesten ut som det einaste som har endra seg er storleiken på kleda mine. Det dukkar i alle fall ikkje opp nye innlegg på bloggen, sånn heilt utan vidare. Norsk Barneblad, eg føler meg lurt!

17.3.07

god tur

over fjellet!

16.3.07

Bitter? eg? JA, for f****

I dag har eg vore tur retur Voss. Sette av han lillebror der. Han skal ta buss til Rena. Frå Rena skal han gå på ski til Lillehammer.

EG OG VIL!!!!

12.3.07

noko er tristare enn andre ting

i dag er det ein trist trist dag. Eg har nett seld mitt kjære startnummer til birken. buhu. Har klart å få influensa, noko som ca 1/3 av Noregs befolkning har i desse dagar, så eg skal ikkje klage for høgt om nett den biten...men om eg hadde fått velge, hadde det vore nok med ei aldri så lita forkjøling. Sjuk i eit par dagar - frisk og rask att og klar for trening og skigåing kun kort tid etter.

No er det ei lita veke att til birken, og eg må innsjå at hostekuler og slapphet ikkje går overeins med 8 timar skigåing.

21.2.07

med ræven i fatle?

skal seie enkelte ikkje held seg til at det enkle ofte er det beste!

godt med ein liten luftetur etter ein lang dag på jobben;)

15.2.07

supertante!!

best å ha det skriftleg slik at bror og svigerinne kan arrestere meg og
vise til dette skrivet om eg ikkje skulle innfri!



Eg har sett meg som mål å bli supertante. Tante vert eg uansett, om alt går bra (bank i bordet), til sommaren, den biten har ekteparet tatt seg av. Superbiten må eg stå for sjølv, men ser føre meg at det skal gå heilt fint, sidan eg er slik ein superperson!


Eg gler meg stort til å setje i gang med supertante oppgåva
Og gratulere så mykje til dei vordande!

14.2.07

kva i alle dagar skal eg med ein gris?

Tenkte eg då eg opna eposten min. "versågod! Du har fått en kjælegris til valentinsdagen" ! Eg hoppa nesten i stolen, i alle dagar, ein gris i hus - grisehus - det vert det fort nok på mitt rom med berre meg der. Tenk korleis det hadde blitt sjåandes ut med ein gris i tillegg. Nei veit du kva, denne gåva var ikkje så tøff.

Heldigvis slepp eg å gå på post i butikk og hente grisen min! Den er sendt til nokre folk i sør-aust Asia. Eg kryssar fingrane for at SvineBene får betrakteleg mykje betre vilkår som sparegris hos ein fattig familie i asia, enn ho nokon gong hadde kome til å fått det på hotell karamell. Her er vi nemleg mest interessert i gris som tilbehør til egget på søndagsmorgonen!